mandag 7. april 2008

Tilpassa opplæring

I opplæringslova står det at opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadane hjå den enkelte eleven. Dette gjer at læraren står ovanfor ei stor utfordring. Han skal tilpassa opplæringa for kvar enkelt elev samtidig som han har ansvaret for ein klasse på 20-30 elevar. Sentrale omgrep innanfor tilpassa opplæring er blant anna likeverdig opplæring som går på det at alle faktisk må behandlast og tilnærmast på ulike måtar. Inkluderande opplæring går på å at alle tar del i felleskapet på ein likeverdig måte, faglig sosialt og kulturelt. I mange klassar har ein og elevar som treng spesialundervisning, det vil seia at dei ikkje har får det utbytte dei treng av vanlig undervisning. Korleis skal ein så greia dette?

Eit viktig stikkord her trur eg er metodevariasjon. Elevane lærar på ulike måtar og kan du som lærar variera i metodane og måtar å jobba på vil elevane tene på dette kvar sin gang. Nokon lærar kanskje best av tavleundervisning andre av å jobbe mykje med stoffet. Med ein variasjon i metodevalet vil ulike elevar få ulikt utbytte av kvar enkelt time. Ein anna ting som er viktig å hugse på og som står i den generelle delen av LK-06 er at opplæringa skal møte barna og unge på deira eigne premisser samtidig som ein skal føre dei inn i grenseland der dei kan lære nye ting. Det er viktig at ein tilpassar nivået elevane er på samtidig som ein må sjå til at dei stadig lærer nye ting og prøver å meistre nye utfordringar. Det er og viktig at ein setter seg opp mål for elevane som dei kan meistre og har ein god måte å måle denne måloppnåinga. I praksis på Langeland såg me eksempel på dette. Her hadde elevane kvar veke to faglege mål for veka. Desse blei målt i slutten av veka med ein måltest. På denne måten fekk ein viss peikepinn på kva den enkelte eleven hadde fått med seg i løpet av veka. Det kan og vera hensiktsmessig å sette opp eigne mål for elevar som treng dette. Det kan både vera faglige mål og mål som har med atferda til den einskilde elev å gjera. På denne måten kan ein ta tak i problem å sørgje for at den enkelte elev forbetrar seg.

Eit anna stikkord innafor tilpassa opplæring er differensiering. Dette handlar om å ta omsyn til enkelt elevar sine føresetnadar og behov når det vert bestemt korleis undervisning skal organiserast og gjennomførast. Differensiering blir igjen delt i to underpunkt. Det eine er organisert differensiering som går på å fordela elevane etter nivå.( Like barn leiker best) Det andre blir kalla pedagogisk differensiering som går på at fordelinga skjer innanfor vanlig klasse eller grupper. Her meiner eg at den pedagogiske differensieringa er den beste måten å jobbe på. At ein samlar elevar som er på likt nivå vil ganske sikkert gagne dei beste, men samtidig vil ikkje dei svake elevane få noko ut av dette. Har ein derimot blanda ”drops” med elevar med ulike føresetnadar vil elevane etter det sosiokulturelle læringsprinsippet læra av kvarandre. Svake elevar vil forbetra sitt nivå i samarbeid med elevar som er på eit høgare nivå og som kan hjelpa dei på ein anna måte enn det læraren kan gjera. Det som derimot er haka med denne differensierings metodar er at dei faglig flinke elevane kanskje ikkje utviklar seg slik dei kunne gjort med elevar på sitt eige nivå.

Eit godt eksempel på tilpassa opplæring såg me i praksis på Langeland i samband med leselyst prosjektet dei hadde i 6. klasse. Her kunne elevane sjølv velje bøker etter nivå med fargekodar. Dette gav elevane muligheit til å jobbe på det nivået dei følte dei sjølv var på innafor lesing samtidig som dei kunne prøve seg på eit høgare nivå. Læraren har sjølvsagt ei viktig rolle i dette som vegleiar for elevane med tips og kontroll på kva nivå elevane vel.

Revidert: 30.04.08 Det er eit veldig stort fokus på dei svake elevane når det er snakk om tilpassa opplæring. Kva så med dei flinke? Alle har jo krav på denne tilpassa opplæringa. Eg meiner at ein må ha ei ekstra opplegg til desse. La dei bryne seg på ekstra stoff eller gjerne kjenne på nivået som er eit hakk over dem, altså neste års pensum. Det må ikkje bli slik at dei må vente evt. gjera andre ting fordi progresjonen i klasserommet går for seint for dei.

3 kommentarer:

Gerd Elin sa...

Hei
Svært interessant å lesa refleksjonane dine. Du spør deg korleis ein skal greia å gjennomføra tilpassa opplæring og nemner metodevariasjon. Du skriv og om "blanda drops" - differensiert undervisning der elevar på fagleg ulikt nivå er saman, og nemner "haka" som er dei flinke elevane. Kva gjer me med dei flike elevane, bortsett frå å gi dei ekstra oppgåver og la dei hjelpa dei andre? Har du forslag?

Gunnar sa...

Eg meiner at ein må som du seier ha ei ekstra opplegg til dei. La dei bryne seg på ekstra stoff eller gjerne kjenne på nivået som er eit hakk over dem, altså neste års pensum. Det må ikkje bli slik at dei må vente evt. gjera andre ting fordi progresjonen i klasserommet går for seint for dei.

Gerd Elin sa...

Heilt eining med deg der. Me får iallfall satsa på å få dette til:-)