Vurdering og veiledning er to pedagogiske aktivitetar som tek sikte på å fremja læring, utvikling og vekst. Korleis skal ein så gjera dette? Korleis skal ein veileda elevane slik at dei kan utvikla seg og få utbytte av det? Er vurderinga av elevane viktig og er det noko me bør ha?
Veiledning med elevar er ein dialog mellom lærar og elev der føremålet er at eleven skal ha eit ubytte av det. Dette forutset ein god dialog, og tillitsforholdet mellom elev og lærar er utrulig viktig. Har du ikkje opparbeida eit tillitsforhold til eleven/ elevane du skal veileda er dette vanskelig. Da vil ein få problem med å få eleven til å høyre etter og få i gang den gode dialogen du ynskjer. For ein god veiledar er det viktig å kunne vera utforskande med elevane. Ein må setta seg inn i oppgåvene saman med elevane og stille gode spørsmål. Dette kan få i gang ein undringsprosess hos eleven som gjer at han strekker seg enda lenger for å nå måla sine. Det å kunne stille gode spørsmål er utrulig viktig som lærar. Det er ikkje hensiktsmessig å gje elevane svara med ein gang men heller få dei til å finne ut av det sjølv. I denne prosessen er det viktig at læraren er med som ein god veiledar og at ein i eit fellesskap kan finne ut av ting. Det å gje råd er og viktig. ”Det dykk gjer no er for så vidt rett, men eg ville ha…… ” Dette er berre eit eksempel av mange om korleis ein kan gje råd til elevane på ein god måte. Gjer elevane feil er det viktig å korrigera dei. Ein må gje tydlege beskjedar på at slik må dykk ikkje gjere det. Samtidig som ein korrigerar feilen er det og viktig å seia korleis ein kan gjera det annleis. Ikkje berre sei at dette er feil og så legge ballen død.

Vurdering av læring er ei skildring av eleven sin kompetanse i eit fag på eit gitt tidspunkt. Denne vurderinga kjem i form av karakterar når elevane byrjar på ungdomskulen. I barneskulen er det ikkje karakterar men samstundes blir elevane vurdert i det dei gjer i dei einskilde faga. Kva er så poenget med vurdering? Jo den skal danna eit grunnlag for betring i det einskilde faget. Vurdering er viktig fyst og fremst for å fremje motivasjonen og gje god veiledning gjennom feedback og feedforward. Den gjer og eleven og dei føresette ein peikepinn på korleis eleven ligg an i faga på skulen og om han når dei måla som er sett. Framtidige arbeidsgivarar og samfunnet generelt vil ha denne informasjonen om elvane til å måle kompetansen til framtidige arbeidstakarar. Skulen som elevane går på blir og vurdert etter kor høgt nivå elevane på denne skulen ligger på. Alle blir med andre ord vurdert. Det ein kan spørja seg då er om denne vurderinga er nødvendig og om den fremjar kompetansen til elevane. Eg trur heilt klart denne vurderinga er viktig. Elevane trenger å få vurdering av det dei gjer, dei treng nokon som setter krav til dei og dei treng nye mål å strekka seg etter. Samtidig som vurdering er viktig er det og viktig å hugsa på svake elevar som synes det er vanskelig og tungt å bli vurderte. Vurderinga i skulen bør som mykje anna og komme inn under tilpassa opplæring. Ein må ta omsyn til den einskilde elev å tenkja på korleis han eller ho kan ha nytte av denne vurderinga eller veiledninga. Det er og viktig å passe på at det ikkje blir eit slik jag etter karakterar og vurdering at den går utover kvaliteten på arbeidet.

Revidert: 30.04.08 Ein ting som ikkje kom så godt fram i dette innlegget er at eg meinar at undervegsvurderinga kjem inn under tilpassaopplæring. Med å rettleia å vurdera eleven gjennom heile året kan han/ho stadig føle progresjon og utvikla seg. Samstundes er det viktig å evaluera eleven etter endt år. Dette kan vera både til nytte for deg som lærar og eleven sjølv.
2 kommentarer:
Hei
Du har skrive mykje viktig om vurdering. Likte spesielt godt det du har teke med om at læraren må vera i god dialog med eleven for at vurderinga skal bæra "frukter". Lurer litt om du meier at sluttvurderinga skal koma inn under tilpassa opplæring, eller om det er undervegsvurderinga du meiner?
Elles vil eg ønskje deg masse lykke til no i innspurten:-))))
Gerd Elin
Eg meinar at undervegsvurderinga kjem inn under tilpassaopplæring. Med å rettleia å vurdera eleven gjennom heile året kan han/ho stadig føle progresjon og utvikla seg. Samstundes er det viktig å evaluera eleven etter endt år. Dette kan vera både til nytte for deg som lærar og eleven sjølv.
Legg inn en kommentar