Då var nok ein praksis periode gjennomført og me er ferdig me praksisen for i år. Det kjennes både godt og litt trist. Godt fordi det er no ein gang er godt å bli ferdig me noko ein har jobba hardt med og litt trist fordi ein har fått eit godt forhold til elevane.
Skal eg sjå tilbake på praksisperioden våren 2008 er stort sett alt positivt. Langeland skule synest eg er ein kjempe skule. Dei er flinke i det dei driv med og ikkje minst flinke med oss som lærarstudentar. Av tidligare erfaringar i praksis har eg av og til følt det slik på skule og lærarar at det er eit ork å ha studentar i praksis på skulen. Slik føler ein det i alle fall ikkje på Langeland. Her er dei glade og positive mot deg og dei ynskjer verkeleg at du skal lykkast på skulen. Dette gjer og at eg som student blir motivert til å gjera ein god jobb og er utrulig viktig i utviklinga til å bli lærarar.

Dersom eg skal sjå tilbake på mi eiga utvikling denne perioden og mine mål i forhold til praksis perioden, synest eg det har gått veldig bra. Eg føler at eg veks i rolla som lærar jo meir erfaring eg får. Stort sett alle øktene eg gjennomførte gjekk bra og som planlagd. Men når det er sagt så fekk eg og i ei økt smake litt på det å væra lærar når ikkje ting fungerar som dei skal. Dette var i ei matematikk økt der me skulle ha rekneark i exel. Dette viste seg å bli vanskelig for elevane. Me fekk blant anna problem med enkelte pcèr og elevar som blei veldig fortvila over at dei ikkje fekk til det dei skulle. Dette gjorde at eg fekk kjenna på kroppen korleis slike økter er og. Alle planlagde økter går ikkje nødvendigvis som planlagd og problem kan oppstå. Det eg gjorde i denne situasjonen var å prøve å roa elevane ned å snakka med dei om det som skjedde. Resten av undervisninga i den økta gjekk og føre seg på tavla steg for steg slik at alle kunne få til det me gjekk i gjennom. Dette er sjølvsagt ein erfaring å ta med seg vidare og ha i bakhovudet.
Mitt personlige mål for denne perioden gjekk på det å læra seg å lage vekeplanar, timeplanar og langsiktige planar. Dette er noko eg ikkje har vore så mykje borti før, men fekk i denne perioden vera med i arbeidet med slike planar. Dette synest eg var svært nyttig og lærerikt for oss studentar. Me laga fyst planane og deretter sette me oss i saman me lærarane og reviderte planane. Slik fekk me gode erfaringar med det å jobbe på team og korleis det verkeleg føregår. Samtidig hadde eg og som mål å vidareutvikla meg sjølv i mitt arbeid med elevane, både når det gjeld kommunikasjonen med dei og det å vera ein veiledar. Her synest eg det og gjekk veldig bra. Eg fekk ein god kommunikasjon med elevane og følte at me fekk eit godt forhold. Etter kvart som eg lærte dei betre å kjenna var det og enklare å snakka med enkeltpersonar og rettleia desse. Det å vera ein ven med elevane samtidig som dei ser på deg som deira leiar er utrulig viktig. Grensene må her vera klare sjølv om det ofte kan vera ein vanskeleg balansegang Ei felle me kan gå i som studentar er å la oss manipulere av elevane. Det er difor viktig å vera observant på dette og vera ein klar leiar samtidig som ein er deira ven.
Alt i alt har praksis perioden 2007/2008 vert eit veldig bra praksis år. Eg har lært mykje og fått med meg erfaringar eg kjem til å ta vare på. Mellomtrinnet og då 6. klasse som er har vore på no er eit trinn eg trivst veldig godt på. Elevane er i ein alder der dei er begynt å bli vaksne samtidig som dei framleis er veldig barnslige. Så då skal det bli spanande å jobbe med småskulen til neste år. Dette er det einaste trinnet eg ikkje har vore på. Eg trur arbeidet her blir litt annleis enn det eg har jobba med til no.

4 kommentarer:
Det at ein time ikkje får heilt som planlagt er bare god øving og ei god oppleving å ta med seg vidare. Eg var sjølv til stades i timen, og skjøna at dette ikkje bare var ein "walk in the park".
På ei anna side byrja eg og tenkje. Burde du ikkje tenkt over ein reserveplan om ikkje PC'ane fungerte? Kva kunne dei gjere då?
I tillegg la eg merke til at eit par av oppgåvene la krav om av at ein skulle vege visse konkreter. Her hadde dei berre 1 av 4 og vege sjølve tilgjengeleg. Eg måtte sjølv gå rundt til mange av elevane og "forslå ei estimert vekt på dei ulike tinga " dei skulle rekna med på dataen. Dette er vel ting du også kanskje kunne planlagt betre i den timen.
Hovudpoenget mitt er at slike timar lærar ein utruleg mykje av, og feil er den beste læremester berre ein ser dei :)Eg opplevde også sjølv, kor viktig det er å planleggje ein time skikkeleg grundig, og tenkje på kva skal eg gjere om dette ikkje fungerar/ om utstyr ikkje går som det skal osv. Utanom den økta, var du veldig grunding og flink i alle dine timar.
Har du nokre inputs i høve til korleis rekneark-timen din, kunne vore gjort annleis om du skulle førebudd den ein gong til?
HEI!
Kjekt å sjå at du trivdes i praksis,og at ting stort sett fungerte slik du ville.Det er jo ute i felten me må trivast til sjuande og sist.
Som kritisk venn,siste innspurt,tenkte eg bare å trekka litt i deg med tanke på ped.økta på mandag.Korleis ser du på tilpassa opplæring?
Heidi
Heidi
Reserveplan hadde me jo Håvard. Då var det over til oppgåver innanfor volum. Når det gjeld konkretane så vart eg i samråd med prakislærar einig om at dette ikkje var nødvendig å bruke tid på. Men ser at denne beskjeden ikkje kom godt nok ut.
Vidare så bør du jo ha fått med deg at me hadde ein oppfølgings time der me gjekk igjennom det viktigaste innafor reknark steg for steg med elevane. Dette gjorde me på denne måten for å unngå det kaoset som oppstod i timen før.
Heidi.
Blogg om tilpassa opplæring er lagt ut. Fint om eg får eit innspel i høve til denne
Gunnar
Legg inn en kommentar