mandag 11. februar 2008

Spesialpedagogikk


Hei og hå.

I dag har me hatt den såkalla ynskjeøkta som gjekk på spesialpedagogikk og det å tilpassa undervisninga. Dette syntest eg var ei veldig nyttig og lærerik økt. Det er eit evne eg intresserar meg for og som er svært aktuelt den dagen me kjem ut som lærarar.

Filmen me såg i byrjinga om den nyutdanna læraren på ein svensk skule var både inspirerande og litt skremmande. No må det seiast at han var blitt kasta til ulvane og at det nok er mulig å få ein mjukare start på lærar karierren enn det der. Men ein veit aldri. Er ikkje sikkert at me kan velga og vraka i lærarjobbar når me kjem ut. Det eg syntest var spesiellt intressant med denne filmen var å sjå dei ulike situasjonane denne læraren stod over for. Han hadde ein vansklig klassse der forutsetnigane var ymse. Personlig syntest eg han greidde seg bra. Sjølvsagt er det ting som kunne vore gjort annleis og på ein anna måte, men her snakkar me om ein nyutdanna lærar som ikkje hadde noka brei erfaring frå før. Det eg syntest var veldig posetivt med denne læraren var det engasjementet han hadde for jobben og elevane sine. Dette er viktig. Det er vel ingenting som er verre enn uengasjerte lærar som ikkje bryr seg korleis det går med deg. Ein anna viktig ting eg beit meg merke i med denne læraren var måten han innsåg sine eigen feil på. Han viste at han hadde gjort ting på ein gal måte og var sjølv obs på dette. Kva er vel betre enn det? På denne måten lærar ein av sine feil og kan forbetre seg ved ein annan annledning. Denne læraren hadde og ein god dialog med elevane. Han tok seg tid til å snakka med dei og drøfta problema dei hadde. Noko av samtalane han hadde syntest eg derimot han burde tatt på tomannshånd. Særlig i den sekvensen der han irettesetter ein elev foran dei andre i klassen. Her ville det kansje vore meir hensiktsmessig og tatt denne eleven ut på tomannshånd og ordna opp i problemet.

I ein klasse er det ofte mange ulike elevforutsetnigar og forhalde seg til. Og dei som slit meir enn andre har rett og bør få tilpassa opplæring. Grunnen til at mange har problem og ikkje kan følgje med på vanleg undervisning kan vera mange og ofte samansette. Fysiske og psykiske problem, ADHD, lese og skrivevanskar kan vera nokon av desse problema. Det som er viktig er å vera obs på problema og oppdage dei på eit tidleg tidspunkt. Da kan ein få gjort noko på eit tidleg tidspunkt og kansje få ein bukt med problema slik at elevane kan få ei så god undervisning som råd er. Desverre er det ikkje alltid slik. Mange får ikkje hjelp og problema blir ikkje oppdaga. Mangelen på middlar som skulen har til rådighet er og eit problem.

Ein er veldig obs. på dei dårligstilte elevane i den norske skule. Eg meiner og at ein ikkje må gløyme dei flinke i denna samanhengen. Dei må få lov til å utvikla seg vidare fordi om dei ligger over det nivået dei skal ligge på. Særlig er det mykje leking og anna i byrjinga av skulegangen. her må elevar som er flinke få lov til å kunne bryne seg på vanskligare oppgåver for å kunne utvikle seg vidare.

Alle lærar burde hatt spes, ped som ein del av utdanninga si. Dette på grunn av at det er så stor bruk for dette kompetansefeltet når ein kjem ut som lærarar. Ein kommer ganske sikkert opp i situasjonar der det er bruk for det og er viktig å ha kunnskapen for å kunne løyse situasjonen. Desverre trur eg for min eigen del at dette ikkje blir gjort med det fyste. Når eg er ferdig med allmennlærar har eg gått fem år så då er det på tide å få prøve seg i arbeidslivet, men kansje er det mulig å ta det ved ein seinare annlednig. Nyttig er det i alle fall.
Revidert: 30.04.08
Dette var verkeleg eit område som eg syntest var intressant. Det er veldig spanande å jobba med vankligstilte elevar og ein enorm utfording for skule og lærar. Skulle eg ein dag funne på å vidareutdanna meg så hadde dette absolutt kunne vore eit spanande område.

4 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Gunnar...
Mange og gode refleksjonar og observasjonar frå denne økta i innlegget ditt. No hadde eg lagt inn fleire eksterne lenkjer og i denne presentasjonen, som de måtte gå innpå på eigahand. Fekk du noko utav desse?
Elles vonar eg alle de i kullet "mitt" får ein mjukare start på karrieren enn den svenske læraren vi såg i filmen. Eg kryssar fingrane for det!

Birgit :-)

Gunnar sa...

Etter å ha sett på dei ulike linkane som er lagde ut er det særlig ein ting som slår meg. Kva gjorde dei før når dei ikkje hadde så god kunnskap som me har no? Det var nok mange "raringer" rundt om i skulegåeden som blei stempla som idiotar og einstøingar.Så det er jo veldig posetivt at ein kan finne ut kva som er gale med ulike som slit og at dei veit at det også er andre som slit med det samme som dei. Det er jo ganske utrulig å sjå desse med Asbergs som ikkje har følelsar på samme måte som oss andre og har problemar med å fungera i ei sosial setting.

Eg må og sei etter å ha lese artikkelen om den perfekte skulen, at det er sannelig ikkje enkelt å sei kva som er rett å gale med tanke på undervising og læringsmiljø. Det som er bra er jo at det er mange som er beviste på det og det er ein felles einighet om at ting må forbetrast. Stiller samtidig eit STORT spørsmålstegn med dette om inneklima rundt om kring blant skulane i Noreg. Merker det sjølv på HSH når lufta blir tung så blir hovudet tungt. Da er det klart det ikkje er lett å prestere i klasserommet.

MALIN E. KRAKK sa...

Hei Gunnar.
Du reflekterer godt også over denne økta, og eg ser du har delte tankar og meiningar rundt den svenske dokumentaren me såg. Her er eg heilt einig med deg; som me oppsummerte i positivt/negativt-lista i etterkant av filmen. Det å vere nyutdanna lærar og å få ein slik klasse første året byr på mange utfordringar. Men eg tippar ein kan klare å tileigne seg mange erfaringar på eit slikt år! Eg ser du har vore inne og sett på dei ulike lenkjene som Birgit har lagt ut. Har du sett noko på Statped sine sider, og under dettte organet, dei ulike kompetansesentera? Eg for min del var ikkje klar over at det fantest så mykje god statleg hjelp for born og vaksne med særskilde læringsproblem.

Ida sa...

Hei! Synes du sier mye bra i dette innlegget:) Det virker som om dette er et tema du har tenkt mye på, og som engasjerer deg.