mandag 29. oktober 2007

Ei oppsumering

Ja då var me ferdig med dei pedagogiske grunnsyna sånn i fyste omgang. Syns det har vore utrulig lærerikt og har fått eit veldig godt utbytte av denne måten å jobba på. Eg setter og pris oppsumeringa med hadde i dag. Sjølv om me no har vore i gjennom mykje er det veldig bra å få denne repeitisjonen med Birgit som me hadde i dag. Da får ein på ein måte repetert det ein allereie viste fra før samtidig som det kom noko nytt som eg ikkje viste å hadde fått sett meg inn i. Dette trur eg og er viktig å kunne dra me seg ut i skulen som lærar. Det å kunne ha ei oppsumering foreksempel etter at ein er ferdig med eit evne. Dette gjer at elevane hugsar betre kva dei har vert i gjennom og får repetert den kunnskapen som dei har men som all anna kunnskap må repeterast. Det er og viktig å reflektere over dette å snakka med elevane kan ein har gjort, vert i gjennom, kva som fungera og kva som ikkje kan fungera.

Datakunnskapane mine må ein vel sei er middels. Eg kan det grunnleggande innan IKT men er ingen ekspert. Synes der derfor er nyttig med datalab økta i dag der eg fekk eit par tips ang. word og det å skrive oppgåve. Det er mange nyttige triks som kan gjera tekstbehandling både nyttigare og meir oversiktelig. Ellers så skal me jo til med ei matte/ped oppgåve som eg håper kan bli intressant. Det at den er knytt til praksisen og eit undervisningsopplegg håper eg kan gjera den det. Har skrive nok av tørre og uintressante oppgåver gjennom utdanninga men dette kan forhåpentlig vis bli litt annleis. Er alltid mykje snakk om sidetall i forbindelse med oppgåver og streve etter å nå det magiske sidetallet. Her syns eg fokuset heller bør vera på kvalitet og ikkje på sidetall. Skriv du ei bra oppgåve som svarer på eventuelle problemstillingar så bør det vera kvaliteten og ikkje sidetallet det kommer ann på. Og det seier seg sjølv at ei god oppgåve ikkje kan vera på eit par sider på Høgskule nivå.

Revidert 29.04.08

Repetisjon er alltid kjærkoment og må til no i desse dagar når der nærmar seg eksamen. Mykje av kunnskapen ein har ligger ofte og murrer i bakhovudet men må hentast fram med jamne mellomrom.
Synest det var veldig greit men den oppsumeringa Birgit la ut om dei ulike læringsteriane. Her er dei kort og godt oppsumert og ein kan bruka dei som knaggar innafor dei ulike teoriane. Det å ha stikkord er godt og ha når ein skal henta fram kunnskap. Den var i alle fall nyttig for meg både i arbeid med mappeoppgåva og anna.

3 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Gunnar...
Berre ein kommentar i høve sidetal. Det er alltid eit dilemma kva vi skal gjera, setja grensa ved å setja ei ramma, eller la det vera opent. Problemet er berre at det har lett for å bli anten for tynt og stusseleg, eller så altfor mykje fordi ein ikkje greier å begrensa seg. Det er altså ikkje tilfeldig. Når det gjeld det du skriv om at kvalitet ikkje alltid har med kvantitet å gjera, så er eg einig i det... Kanskje du berre skal skriva i veg utan å hengja deg for mykje opp i det i fyrste omgong? Lukke til!

Birgit :-)

Grethe Myhre sa...

Så bra blogga! Var einig i alt eg. Kunne igrunn skrive noko liknande sjølv, men no må eg jo skrive litt på ein annan måte, i og med at eg har lese din. Kanskje ein ide for meg sjølv til neste gong: Skrive bloggen min, før eg les din!
Intressant det du skriv om matte/ped oppgåva som er knytta til praksis. Det er sant at ho får litt anna fokus når ho er så konkret, og samstundes får ein tenkt over ein del teori. Det er den eg har merka at eg har mangla, når eg har fått vore assistent i skulen. Men no er me altså i ferd med å få den litt "under huden" iallefall. Lykke til med oppgåva.

Gunnar sa...

Takk takk!