Ja då var fyste praksis veke er gjennomført. Vår oppgåve var denne gang å observera og vera med som assistentar. Det var forsåvidt greit nok. Ei veke med observasjon er etter mi meining absolutt nok. Det er klart dette kan vera lærerikt og du blir kjent med elevane men det er jo kjekkare å undervise sjølv å vera meir aktiv i timane. Det får me heldigvis i neste periode og forhåpentligvis brynt oss litt.
Det eg la vekt på som observatør var å både kikke på enkelt elevar og klassen som heilhet. Kvar dag valgte me i praksis gruppa oss ein elev kvar me fulgte i eit par timar. Etterpå samtala me med praksislæraren om det me hadde observert. Etter desse samatalane fann me ut at me hadde observert å fått inntrykk av mykje som praksislæraren sa seg einig i. Det var vel enklast å observera og finne ut ting om dei elevane som var litt viltre av seg og ikkje hadde så lett for å sitte i ro. Desse fann me mykje ut om, medan elevar som ikkje sa og gjorde så mykje ut av seg var vanskligare og observera å finne ut av. Sånn er det vel også for praksislærarane men over tid er det enklare å bli kjent med elevar.
Ting eg beit meg merke i og la spesielt merke til var dei ulike elevforutsetningane ein lærar har å jobbe med. Det er alt i fra mønster elevar som gjer det dei skal til "urokråker" det kan vera vansklig å halda styr på. Nokon har vondt for å lære ting medan andre kansje ikkje har det så greit i heimen. Dei er alle forskjellige og må tilnærmast på ulike måtar. Nokon må det og lagast eigne undervisningsopplegg for og har andre arbeidsoppgåver enn resten av klassa. Så dette ser eg på som ei kjempe utfordring når eg kjem ut som lærar. Det ulike "matriallet" du har å jobbe med og alle er meir eller mindre forskjellige.
Revidert 28.04.08

Det som gjer observasjon og loggføring så viktig er at ein får kartlagt elvane sine. Får ein notert dette med dato og tid kan dette vera hensiktsmessig å bruka både i samband med elevsamtalar og samataler med føresette. Ein hentar på denne måten inn god og relevant informasjon om elevane sine som kan vera med på å forbetre både atferd og faglig kompetanse. Loggføring kan og brukast til å vise elevane sin eigen progresjon. Ein kan til dømes bli einig med eleven om ein avtale over eit tidsløp der lærar noterer ned all atferd til denne eleven og slik kan eleven sjølv bli påminna om kva som faktisk har skjedd for eksempel i veka som har gått. På denne måten har ein noko konkret å jobba ut i frå som ein kan sjå tilbake på i ettertid.
Seminardagen på HSH etter to dagar i praksis syntest eg var nyttig. Mykje på grunn av at ein kan dela erfaringar både med medelevar frå same praksiskule og medelevar som har vore på ein heilt anna skule med eit anna miljø.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar