torsdag 11. oktober 2007

Pedagogiske grunnsyn

No har ikkje eg deltatt i ped. økta denne veka( Feira Brann gull i Bergen i staden for) men har fra medelevar fått beskjed om kva som skal gå føre seg. Me har da fordelt arbeid og skal møtast på Mandag og framføre dei ulike syna for kvarandre. Synes dette var ei lur fordeling. På denne måten kan me få ulike innspel om dei ulike syna å få eit grunnlag å jobbe vidare med. Så da er det å sette seg inn i Behaviorismen før mandag. Langhelg:)





Revidert 29.04.08

Denne økta var eg som sagt ikkje med på. Det eg kan seia litt om er kva eigentlig pedagogiske grunnsyn er for noko. Pedagogiske grunnsyn er den virklighetsoppfatning , dei verdiar og holdningar som ligger til grunn for pedagogisk verksamd. Med andre ord så dreier det seg om ulike syn på korleis og på kva måte læring føregår på. Ein deler desse ofte opp i Behaviorisme, kognitivisme, konstruktivisme og det sosiokulturelle læringsperspektivet. Her er det ulike filosofar innafor dei ulike retningane som alle har forskjellige syn på korleis vi eigentlig tileignar oss læring og på kva måte.

Det me skulle gjera etter denne økta var å presentera ei eller fleire av desse læringsperspektiva til resten av klassen. Dette valde me å gjera ved hjelp av rollespel der me spelte ulike situasjonar som skulle beskrive karakteristiske trekk læringsteoriane. Dette var ein veldig fin måte å jobbe på, og me måtte setta oss inn teoriane som ei gruppe og bli einige om kva me skulle ha med. På denne måten jobba me fyst som ei gruppe med stoffet noko som førte til at me i etterkant kunne jobba med det kvar for oss, altså individuelt. Måten me jobba på var jo faktisk sosiokulturelleJ

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Heia Brann, heia Brann, heia Brann!
Eg er spent på resultatet på oppdraget neste måndag, og vonar de går for "gull"?

Birgit :-)