fredag 5. oktober 2007

Å leia basisgruppa i på læringsarenaen

Winston Churchill


Sosial kompetanse er eit veldig viktig og sentralt punkt. Me som skal bli lærarar må vera tydlege vaksne for borna når me kjem ut i skulen. Dette er særlig viktig når me er i praksis og elevane ikkje heilt ser på oss som lærarar men elevar slik som dei. Det er då veldig viktig å framstå som ein vaksen og ikkje som ein venn for elevane. Samtidig som me skal framstå som ein tydleg vaksen er det og viktig at me framstår som gode rollemodellar. Det vil seie at me må tenkje nøye over kva me seier, gjer og korleis me framstår i ulike situasjoner. Elevane vil nemlig både bevist og ubevist observera oss og korleis me framstår. Framstår me på ein god måte og er glade positive rollemodellar vil dette kunna påverka dei på ein positiv måte.

Dagens samfunn er i stadig omveltingar. Me møter stadig nye ufordringar som våre forfedre ikkje ein gang hadde kunna tenkt seg. Me må heile tida vidareutvikla oss og kanskje skifta jobb eller ta ny utdanning for å "overleve". Begrepet livslang læring er viktig i så måte. Det at me heile tida må utvikla oss og stadig lærer nye ting er heilt sikkert. Tenkjer da særlig på læraryrket. Me kjem forhåpentlig vis ut i yrkeskvardagen etter enda opplæring. Da kan me det faglige og har fått ein smakebit på det å vera lærar gjennom praksis. Derifrå startar og ein livslang læringsprosess på å bli ein god lærar. Det er mange ting å sette seg inn i å læra. Du blir kjent med elevar, lærar, arbeidsmetodar, vanar osv. Heile tida vil me utvikla oss, læra og oppdage nye ting. Det seies at dersom du trur du er den perfekte lærar og ikkje har meir å læra innafor yrke kan du lika godt slutte. Dette synest eg er ein god regel å ha i bakhovudet. Sjølv trur eg ein aldri blir ferdig utdanna og kan alt innafor sitt eige yrket. Det er stadig ting å læra og finne ut av. Ein anna ting som er viktig i dagens E- generasjon er å vite dei positive og dei negative sidene med den moderne teknologien. Data. internett, sms, mms osv. kan brukast til mykje nyttig men det er samtidig viktig å ha dei negative sidene med dette i bakhovudet. Det er foreksmepel enklare å mobbe ein elev gjennom sms o.l. enn å sei det face to face. Så kva er då viktig for basisgruppa mi? Forsking visar at det er viktig å bygge gode relasjonar. Det vil då vera gode relasjonar både til elevar, andre lærarar og rektor. Det eg tenker på i så måte er å ha eit godt samarbeid som gjer at elevane lærar og trivst på læringsarenaen. Vidare er det viktig med sterkt faglig fokus og flyt i undervisninga. Alt me som lærarar gjer med elevane bør ha sterkt faglig fokus. Dei går på skulen for å læra og dette kan gjerast på mange måtar. Det er opp til læraren å legge opp til ei god og variert undervisning. Læraren skal ha autoritet utan å vera autoritær. Det er viktig at elevane respekterer deg utan å vera redd deg. Du skal læra elevane noko og det er du som lærar som er leiar for elevane dine. Samtidig er det viktig å vera eit medmenneske å ha forståing. Enkelte har det kanskje ikkje så lett å det er di oppgåve som lærar å forstå problemet å takle dette på ein god måte og kunne hjelpe eleven. Til slutt er det å sette grenser å vera konsekvent på desse. Det er viktig at elevane har klare grenser å gå etter.

Revidert 28.04.08

Her ser eg har skrive eit innlegg i full fart som ikkje ber preg av å vera særleg gjennomtenkt. Det er viktig å vera kritisk til seg sjølv og innsjå sine feil og he heJ
Det som eg trur er viktig som lærar og leiar på basisarenaen er det å vera ein dyktig pedagog samtidig som ein er fagleg dyktig. Har ein desse føresetnadane på plass har ein eit godt utgangspunkt for å bli lærar. Mange av desse punkta eg har skrive i blogginnlegget tidligare er viktig punkt. Det er blant anna:



  • ein tydleg leiar,

  • godt førebilete,

  • fagleg flink,

  • variasjon i undervisning,

  • medmenneskeleg.

Alle desse er særs viktige punkt å ha med seg som lærar. Eit viktig punkt trur eg og er at me utiklar oss stadig som menneske både på det personlige planet og i yrkeskvardagen, så det er viktig å hugse at ein alltid har noko å lære.

2 kommentarer:

Grethe Myhre sa...

Dette er ikkje lett - å vera kritisk venn altså...
Synst du reflekterer godt over både korleis me skal vera som studentar og korleis me skal vera som lærarar. Og det at me nok aldri vil bli ferdig ulært. Har du tenkt noko på korleis ein skal vera overfor elevane når ein har gjort ein feil? Kanskje takla situasjonar i klassen dårleg, "hengt" ut nokon, kjefta på feil personar el.l.
Sjølv lærarar er jo ikkje perfekte, sjølv om det av og til kan virke som om både born og foreldre trur det og ynskjer det.
Kan tankar om dette gjera oss til betre klasseleiarar?

Gunnar sa...

Dersom ein gjer feil trur eg det er viktig å " legga seg flat" Det vil seia at ein må innrømma sine feil. Då viser ein og ovanfor elevane at det er viktig å innrømme om ein har gjort noko feil og at det faktisk er menneskleg.