Ja då har me jobba med dei ulike pedagogiske grunnsyna og hatt framføring i praksisgruppene om syna. Det å jobbe på denne måten har i alle fall vært svært lærerikt for meg. I staden for å få det "prenta" inn gjennom førelesningar har me sjølv måtta sett oss inn i stoffet og måtta jobba med det grundig i forkant av presentasjonen. Dette var jo då den sosiokulturelle måten å jobba på. Det at ein lærar av og i samspel med andre er i alle fall heilt sikkert. Sjølve presentasjonen me gjorde i gruppa synest eg og gjekk greit. Me hadde som mål å få med oss litt i frå alle grunnsyna og eksempel på dei i skulesamanheng gjennom drama. Trur det var viktig at me hadde denne eksemplifiseringa til å understreka poenga våras. Da er det og kanskje lettare for dei som høyrer på å forstå våre poeng å få med seg det som blir sagt. I alle fall har eg det sånn. Får eg eksempel på ting og kan sjå det for meg er det enklare å forstå det som blir sagt.(Kognitiv læring:) Eg fekk og eit utbytte av dei andre gruppene sine framføringar. Sjølv om det er mykje det same som blir tatt opp er det alltid ei litt anna vinkling på det som eg og andre kan læra noko av.
Etter å ha vært gjennom dei ulike syna no syns eg det er det sosiokulturelle synet som skiller seg ut i ein positiv retning for min eigen del. Det å kunne læra av andre og at andre forhåpenligvis kan læra noko av deg er ein mykje betre måte enn at læraren "bankar" kunnskapen inn i hovudet på deg. Samtidig som eg syns dette synet kanskje er best er det viktig å ha dei andre syna i bakhovudet å kunne bruka desse på ein god måte. Eg har sjølv sett i praksis korleis behavioristiske synet, der ein bruker belønningsprinsippet på svært umotiverte elevar,kan virka på ein god måte. Så det viktige er nok å kunna henta det beste ut i frå dei ulike syna å bruke dei når det er behov for det. Det er og viktig å vita om dei negative sidene med syna. Da kan ein kanskje unngå å bruke dei i feil samanhengar og vite kva tid dei er hensiktsmessige og kva tid dei ikkje er det. Så då får me sjå i neste veke om det går ann å dra ein konklusjon på det heile.
Revidert 29.04.08
Etter at det gått ei tid så må eg framleis seia at eg har det sosiokulturelle læringsprinsippet som mitt grunnsyn. Eg har trua på Vygotsky sin proksimale sone og jamvel Bruner sin stilasteori som seier at læringa skjer fyst i eit fellesskap. Læringa er og avhengig av miljøet det skjer i og er særleg avhengig av ein god kommunikasjon. Etter kvart som elevar lærar meir og meir bli han/ ho mindre avhengig av stilaset og beveger seg lenger ut i den proksimale sona. Då har læring gått frå det sosiale til det individuelle og ein er ikkje lenger avhengig av hjelp til å meistra oppgåva.
Eg ser framleis det gode i alle desse teoriane og meiner at ein som lærar bør kunne ha ein brei kunnskap om desse. Kva som vil fungera er avhengig av læringssituasjonen det føregår i og elevføresetnadane.

2 kommentarer:
Godt å vera ferdig med denne oppgåva ja. Synst du reflekterer bra.Ser ut for meg at mange endar på det sosiokulturelle læringssynet. Du skriv at ein bør vite om dei negative sidene til syna. Kanskje du kunne teke med kva som er negativt med den sosiokulturelle læringsteorien. Eg er einig i at ein bør ha med seg alle læringsteoriane i "bakhodet". Iallefall det som er positivt med dei. Me står på!
Det som eg ser på som negativt med den sosikulturelle læringsteorien er kva som skjer dersom ein ikkje får til eit godt samarbeid mellom elevane. Kommunikasjonen er jo og sentral. Kva skjer om dette ikkje fungerar. Klart læraren spelar ei viktig brikke, men meiner det er viktig å stilla seg spørsmålet!
Legg inn en kommentar