mandag 3. desember 2007
Kva var nytten av dette?
Synest det er mykje meir nyttig med økta me hadde sist gang på datalabben der me hadde om tekstbehandling i Word. Dette på grunn av at det er eit program me nyttar ofte og det er mange tips og triks å hente her som kan forenkla Word kvardagen min:) Synd eg gløymte mykje av det me hadde sist gang. Kanskje treng me ei ny økt med dette?
Revidert 30.04.08
Ved å sjå tilbake på dette no så har står eg forsatt innefor det er har skrive i dette innlegget. Når det er sagt så forstår eg at det kan vera nyttig for meg å kunne dette som lærar. Det står jo spesifikt i læreplanen at dette er noko som elevane skal kunne. Så då blir utfordringa for meg å sette meg inn i dette og prøve å få lært meg å lære animasjonar m.m
tirsdag 6. november 2007
KAMPVISE

Revidert 29.04.08
Rettskriving og konkretisering.
mandag 29. oktober 2007
Ei oppsumering
Datakunnskapane mine må ein vel sei er middels. Eg kan det grunnleggande innan IKT men er ingen ekspert. Synes der derfor er nyttig med datalab økta i dag der eg fekk eit par tips ang. word og det å skrive oppgåve. Det er mange nyttige triks som kan gjera tekstbehandling både nyttigare og meir oversiktelig. Ellers så skal me jo til med ei matte/ped oppgåve som eg håper kan bli intressant. Det at den er knytt til praksisen og eit undervisningsopplegg håper eg kan gjera den det. Har skrive nok av tørre og uintressante oppgåver gjennom utdanninga men dette kan forhåpentlig vis bli litt annleis. Er alltid mykje snakk om sidetall i forbindelse med oppgåver og streve etter å nå det magiske sidetallet. Her syns eg fokuset heller bør vera på kvalitet og ikkje på sidetall. Skriv du ei bra oppgåve som svarer på eventuelle problemstillingar så bør det vera kvaliteten og ikkje sidetallet det kommer ann på. Og det seier seg sjølv at ei god oppgåve ikkje kan vera på eit par sider på Høgskule nivå.
Revidert 29.04.08
Repetisjon er alltid kjærkoment og må til no i desse dagar når der nærmar seg eksamen. Mykje av kunnskapen ein har ligger ofte og murrer i bakhovudet men må hentast fram med jamne mellomrom.
Synest det var veldig greit men den oppsumeringa Birgit la ut om dei ulike læringsteriane. Her er dei kort og godt oppsumert og ein kan bruka dei som knaggar innafor dei ulike teoriane. Det å ha stikkord er godt og ha når ein skal henta fram kunnskap. Den var i alle fall nyttig for meg både i arbeid med mappeoppgåva og anna.
mandag 22. oktober 2007
Dei pedagogiske grunnsyna

Revidert 29.04.08
Etter at det gått ei tid så må eg framleis seia at eg har det sosiokulturelle læringsprinsippet som mitt grunnsyn. Eg har trua på Vygotsky sin proksimale sone og jamvel Bruner sin stilasteori som seier at læringa skjer fyst i eit fellesskap. Læringa er og avhengig av miljøet det skjer i og er særleg avhengig av ein god kommunikasjon. Etter kvart som elevar lærar meir og meir bli han/ ho mindre avhengig av stilaset og beveger seg lenger ut i den proksimale sona. Då har læring gått frå det sosiale til det individuelle og ein er ikkje lenger avhengig av hjelp til å meistra oppgåva.
Eg ser framleis det gode i alle desse teoriane og meiner at ein som lærar bør kunne ha ein brei kunnskap om desse. Kva som vil fungera er avhengig av læringssituasjonen det føregår i og elevføresetnadane.
torsdag 11. oktober 2007
Pedagogiske grunnsyn

Denne økta var eg som sagt ikkje med på. Det eg kan seia litt om er kva eigentlig pedagogiske grunnsyn er for noko. Pedagogiske grunnsyn er den virklighetsoppfatning , dei verdiar og holdningar som ligger til grunn for pedagogisk verksamd. Med andre ord så dreier det seg om ulike syn på korleis og på kva måte læring føregår på. Ein deler desse ofte opp i Behaviorisme, kognitivisme, konstruktivisme og det sosiokulturelle læringsperspektivet. Her er det ulike filosofar innafor dei ulike retningane som alle har forskjellige syn på korleis vi eigentlig tileignar oss læring og på kva måte.
Det me skulle gjera etter denne økta var å presentera ei eller fleire av desse læringsperspektiva til resten av klassen. Dette valde me å gjera ved hjelp av rollespel der me spelte ulike situasjonar som skulle beskrive karakteristiske trekk læringsteoriane. Dette var ein veldig fin måte å jobbe på, og me måtte setta oss inn teoriane som ei gruppe og bli einige om kva me skulle ha med. På denne måten jobba me fyst som ei gruppe med stoffet noko som førte til at me i etterkant kunne jobba med det kvar for oss, altså individuelt. Måten me jobba på var jo faktisk sosiokulturelleJ
fredag 5. oktober 2007
Å leia basisgruppa i på læringsarenaen
Sosial kompetanse er eit veldig viktig og sentralt punkt. Me som skal bli lærarar må vera tydlege vaksne for borna når me kjem ut i skulen. Dette er særlig viktig når me er i praksis og elevane ikkje heilt ser på oss som lærarar men elevar slik som dei. Det er då veldig viktig å framstå som ein vaksen og ikkje som ein venn for elevane. Samtidig som me skal framstå som ein tydleg vaksen er det og viktig at me framstår som gode rollemodellar. Det vil seie at me må tenkje nøye over kva me seier, gjer og korleis me framstår i ulike situasjoner. Elevane vil nemlig både bevist og ubevist observera oss og korleis me framstår. Framstår me på ein god måte og er glade positive rollemodellar vil dette kunna påverka dei på ein positiv måte.
Dagens samfunn er i stadig omveltingar. Me møter stadig nye ufordringar som våre forfedre ikkje ein gang hadde kunna tenkt seg. Me må heile tida vidareutvikla oss og kanskje skifta jobb eller ta ny utdanning for å "overleve". Begrepet livslang læring er viktig i så måte. Det at me heile tida må utvikla oss og stadig lærer nye ting er heilt sikkert. Tenkjer da særlig på læraryrket. Me kjem forhåpentlig vis ut i yrkeskvardagen etter enda opplæring. Da kan me det faglige og har fått ein smakebit på det å vera lærar gjennom praksis. Derifrå startar og ein livslang læringsprosess på å bli ein god lærar. Det er mange ting å sette seg inn i å læra. Du blir kjent med elevar, lærar, arbeidsmetodar, vanar osv. Heile tida vil me utvikla oss, læra og oppdage nye ting. Det seies at dersom du trur du er den perfekte lærar og ikkje har meir å læra innafor yrke kan du lika godt slutte. Dette synest eg er ein god regel å ha i bakhovudet. Sjølv trur eg ein aldri blir ferdig utdanna og kan alt innafor sitt eige yrket. Det er stadig ting å læra og finne ut av. Ein anna ting som er viktig i dagens E- generasjon er å vite dei positive og dei negative sidene med den moderne teknologien. Data. internett, sms, mms osv. kan brukast til mykje nyttig men det er samtidig viktig å ha dei negative sidene med dette i bakhovudet. Det er foreksmepel enklare å mobbe ein elev gjennom sms o.l. enn å sei det face to face. Så kva er då viktig for basisgruppa mi? Forsking visar at det er viktig å bygge gode relasjonar. Det vil då vera gode relasjonar både til elevar, andre lærarar og rektor. Det eg tenker på i så måte er å ha eit godt samarbeid som gjer at elevane lærar og trivst på læringsarenaen. Vidare er det viktig med sterkt faglig fokus og flyt i undervisninga. Alt me som lærarar gjer med elevane bør ha sterkt faglig fokus. Dei går på skulen for å læra og dette kan gjerast på mange måtar. Det er opp til læraren å legge opp til ei god og variert undervisning. Læraren skal ha autoritet utan å vera autoritær. Det er viktig at elevane respekterer deg utan å vera redd deg. Du skal læra elevane noko og det er du som lærar som er leiar for elevane dine. Samtidig er det viktig å vera eit medmenneske å ha forståing. Enkelte har det kanskje ikkje så lett å det er di oppgåve som lærar å forstå problemet å takle dette på ein god måte og kunne hjelpe eleven. Til slutt er det å sette grenser å vera konsekvent på desse. Det er viktig at elevane har klare grenser å gå etter.
Revidert 28.04.08
Her ser eg har skrive eit innlegg i full fart som ikkje ber preg av å vera særleg gjennomtenkt. Det er viktig å vera kritisk til seg sjølv og innsjå sine feil og he heJ
Det som eg trur er viktig som lærar og leiar på basisarenaen er det å vera ein dyktig pedagog samtidig som ein er fagleg dyktig. Har ein desse føresetnadane på plass har ein eit godt utgangspunkt for å bli lærar. Mange av desse punkta eg har skrive i blogginnlegget tidligare er viktig punkt. Det er blant anna:
- ein tydleg leiar,
- godt førebilete,
- fagleg flink,
- variasjon i undervisning,
- medmenneskeleg.
Alle desse er særs viktige punkt å ha med seg som lærar. Eit viktig punkt trur eg og er at me utiklar oss stadig som menneske både på det personlige planet og i yrkeskvardagen, så det er viktig å hugse at ein alltid har noko å lære.
torsdag 4. oktober 2007
Observasjonspraksis

Det eg la vekt på som observatør var å både kikke på enkelt elevar og klassen som heilhet. Kvar dag valgte me i praksis gruppa oss ein elev kvar me fulgte i eit par timar. Etterpå samtala me med praksislæraren om det me hadde observert. Etter desse samatalane fann me ut at me hadde observert å fått inntrykk av mykje som praksislæraren sa seg einig i. Det var vel enklast å observera og finne ut ting om dei elevane som var litt viltre av seg og ikkje hadde så lett for å sitte i ro. Desse fann me mykje ut om, medan elevar som ikkje sa og gjorde så mykje ut av seg var vanskligare og observera å finne ut av. Sånn er det vel også for praksislærarane men over tid er det enklare å bli kjent med elevar.
Ting eg beit meg merke i og la spesielt merke til var dei ulike elevforutsetningane ein lærar har å jobbe med. Det er alt i fra mønster elevar som gjer det dei skal til "urokråker" det kan vera vansklig å halda styr på. Nokon har vondt for å lære ting medan andre kansje ikkje har det så greit i heimen. Dei er alle forskjellige og må tilnærmast på ulike måtar. Nokon må det og lagast eigne undervisningsopplegg for og har andre arbeidsoppgåver enn resten av klassa. Så dette ser eg på som ei kjempe utfordring når eg kjem ut som lærar. Det ulike "matriallet" du har å jobbe med og alle er meir eller mindre forskjellige.
Revidert 28.04.08
torsdag 6. september 2007
Læraren sitt mandat og mange oppgåver
Denne veka har me hatt om læraren sine mange oppgåver. Det er ganske utrulig kor mange oppgåver ein lærar har og kor omfattande arbeidet er. Det er ikkje berre snakk om å undervisa og kunna læra elevane dine det faglige. Du har og ansvar for ting som trivsel, at dei ikkje blir mobba, at dei får i seg mat i matpausaneog så vidare og så vidare. Du er på ein måte med i oppdraginga av ungane sjølv om foredra sjølvsagt har hovudansvaret for dette. Det er jo faktisk sånn at lærarane ser meir til ungane enn foreldra gjør i ein travel kvardag og kan og har utrulig stor påverknad på elevane.
Vidare skal lærarar og vera gode å samarbeida og jobba i team. Dette har eg sjølv sett i praksis på ungdomskule. Der var me med å jobba i eit team for niende klasse i engelsk. Her kan ein sjå nytten av godt samarbeid. Det er sjølvsagt viktig at slike team fungerer godt for å kunna lykkast. Det eg trur er viktig da er at ein må læra seg å vera ein "teamspiller". Ein må læra å spela på lag å gjera andre god som Nils Arne Eggen ville sagt det. Dette er ikkje berre viktig i lærarjobben men og i resten av tinga du føretar deg i livet. Vidare kjem planlegging som og ein av lærarens mange viktige oppgåver. Å kunna førebu seg på ein god og riktig måte trur eg er særs viktig. Både når det gjelder å forberede seg til enkelt timer, veka, månaden og året. Dette er viktig både for deg og elevane.
I denna økta fekk me som sagt eit nærare innblikk i lærarens mange oppgåver. Eg viste vel fra før at det var omfattande men fekk vel ein real peikepinn på kor mykje læraryrket eigentlig innebærer. Sjølv om dette kan sjå mykje ut trur eg det er viktig å sjå på dette som ein kjempe utfordring og ting som kan bli veldig intressante i yrkeskvardangen.
torsdag 30. august 2007
Ein lærar eg hugsar godt
Tysk er kanskje ikkje det faget ein har høgast karakter i etter endt vidaregåande. Det er eit fag mage slit med og eit fag ikkje alt for mange bryr seg om. I alle fall er det mange dårlige karakterar ute å går. Sjølv hadde eg store problem i byrjinga og låg på nedre delen av karakterskalaen. Som mange andre var eg litt skule- lei på den tida og hadde ikkje noka umiddelbar tanke om å legge ein stor innsats i faget. Det som blei vendepunktet for meg i dette faget var læraren. Han hadde vel ein litt gammaldags stil og hadde lita tru på ansvar for eiga læring. Han kjørte ein strikt disiplin og likte dårlig om det var nokon som sluntra under heimearbeidet. Eg hugsar godt at når kvelden kom å ”leksa” skulle gjerast var det ikkje noko alternativ å sluntre unna. På denne måten fekk han meg og fleire til å jobbe med faget å setje seg skikkelig inn i ting. Dette viste seg og igjen på karakterane. Me kom til og med opp i skriftlig eksamen i faget. Dette tok læraren vår på strak arm å sette seg ned me oss å terpa tysk til den store gullmedalje. Eksamenen gjekk over all forventning. Dette takka vera ein engasjert lærar som ville lærar oss dette.
No seier ikkje eg at god gammaldags disiplin med pugging å smekk på fingeren er vegen å gå for ein lærar. Det eg midlertidig lærte av denne læraren er at engasjement er veldig viktig. Ser du at læraren brenn for faget å verkelig vil læra deg noko gjer du kanskje ein ekstra innsats i faget, sjølv om det kan vera nokså tørt å kjedelig.
tirsdag 28. august 2007
Kommunikasjon og sammarbeid

Ellers må eg sei at eg blei positivt overraska over timane så langt i ped. Har vore innehaldsrike å kjekke. Forelesninger i auditorium har ein tendens til å bli"litt" kjedlige men so far so good. Timane med miming og film var og gode eksempler på korleis kroppspråket er og kan brukast i ulike situasjonar. Det som var ekstra bra med denne serien fra NRK var dei ulike døma som vart brukt for å illustrere kommunikasjon og kroppspråk. Ofte er dette noko ein ikkje tenkjer over dagligdags. Det skjer berre automatisk.
Revidert: 27.04.08
Ein viktig del av kommunikasjonen i skulen er dei du samarbeidar med til dagleg. Dvs. Elvane, kollegar, rektor og føresatte som kansje dei viktigaste. Elevane er det jo sjølvsagt viktig at ein kommuniserar godt med og har ein god og åpen dialog. Det er utrulig viktig at ein høyrer på elevane og opparbeidar deg ein tillit til dei. Då vil læringa til dagleg går lettare og det blir opretta ein gjensidig respekt for kvarandre. Det å samarbeide med andre er særleg aktulellt i lærar yrket. Det har me og sett døme på no når me har vore ute i praksis. Læraren jobbar på team og i samarbeid der ein drar nytte av kvarandre. Slik trur eg produktet som skal nå ut til elevane blir betre og som ein seier så tenkjer to hovud betre enn eit:) Vidare har ein lærar som i alle andre yrke ein sjef og forhalde seg til. Dvs. rektor på skulen. Det er viktig at ein har ein god dialog med rektor og bruke han/ henna til råds når det trengs. Også i dette tilfellet er gjensidig respekt viktig i saman med ein god dialog. Til slutt men ikkje minst så har ein og elevanes føresatte og forhalde seg til. Her er det viktig å få i gang ein god dialog så tidleg som mulig. Ein skal mest sannsynleg samarbeida med dei over lengre tid og det god kommunikasjon med desse er sentralt og ikkje minst viktig for den einskilde eleven.
Køyrereglane for praksisgruppa
1. Alle skal ha lov til å sei si meining.
2. Lik arbeidsmengd for alle medlemmer
3. Rutinemessige refleksjonar og evalueringar av arbeidet.
4. Møteplikt, sei i frå når du ikkje kan møta.
5. Alle tar ansvar, og ingen skal vera redd for å ta iniativ.
Skal ein sjå tilbake på desse reglane no nesten eit år etter så må eg seia at det har fungera bra. Me har ei velfungerande praksisgruppa der alle deltar og er aktive. Dette trur eg er veldig viktig og gjer kvardagen som student enklare:)
Kvifor HSH
Grunnen til at eg valde HSH er vel at eg bur på Bømlo og trives med det. Her bur eg i rorbua til mine foreldre når det ikkje er tyskere der(Høst, vinter, vår). Bur altså billig, har stort sett alle vennene mine her og har vel aldri vore noko bymenneske. Reiste ut i verda eit halvt år. Noko som var ein fantastisk opplevelse. Fikk sett Australia, USA og Fiji. Blir nok ein ny tur etter endt skulegang. HSH som skule har eg både gode og dårlige erfaringer med, men sånn er det no vel overalt. Så no satser eg på å avslutte dei to siste åra mine her.
søndag 26. august 2007
Kvifor lærar?
Så det var etter dette året eg fann ut at eg kansje kunne likt å jobbe som lærar. Var ute i praksis i faget å likte dette særs godt. Trivst godt rundt ungar å likar å jobbe med dei. Noko eg trur er ei forutsettning i dette yrket. Ellers trur eg dette yrket er meget utfordrande både på godt og vondt. Eit yrke som forhåpentligvis ikkje vil bli kjedelig. Tenker da særlig personer som jobber i ein sju til tre jobb innanfor industrien. Dette er ein jobb eg trur å vett kan bli utrulig kjedelig med dei faste rutinane kvar dag. Sånn ser eg ikkje for meg det vil bli som lærar.
Det vil nok og i framtida bli stor etterspørsel etter lærarar. Ein stor del av lærarstanden er av ein eldre generasjon og vil gå av med pensjon dei neste fem ti åra. Ein vil og stille sterkt som mannlig lærar sidan veldig mange av dagens lærarar er kvinnlige. Fekk særlig dette inntrykket etter ein praksis periode i engelsk i fjor på ein ungdomskule. Så får me sjå kva framtida vil bringe. Blir spennande:)
Pedagogikk faget.

Har vore gjennom ein del fagplaner no, men sånn er det no ein gang dei fyste vekene. Skal bli kjekt å komme i gang me sjøve faga og føle at ein på
ein måte er i gang.
Pedagogikkfaget trur eg absolutt kan bli spennande. Det er ein ting å vera faglig dyktig, men det å kunne lære denne kunnskapen er vel så viktig. Er så altfor mange lærara som har ein kjempegod fagkunnskap men har ikkje evna til å læra dette fra seg. Å da blir det vansklig for elevane å tileigne seg kunnskap. Så det eg håper å få ut av pedagogikk faget er nettop det å kunna læra fra seg på ein god måte. Korleis ein kan legge til rette for læring slik at elevane kan læra mest mulig er viktig. Tenker da særlig på læringsmetoder i dei ulike faga. Korleis ein kan legge opp undervisninga i dei ulike faga på ein god måte. Så dette håper å trur eg er eit veldig viktig fagområde i mi lærarutdanning.
Ja dette var mitt andre utlagte blogg. Trur dette kan vera ein kjekk måte å både utrykke seg å kommunisera om faget på. Her kan ein og få ein innsikt i andre sine tanker og meininger å kommentera på dette om du er einig eller ueinig.
På gjennsyn.
mandag 20. august 2007
Presentasjon
Hei.
Eg heiter Gunnar Innvær, er 23 år og kommer fra Bømlo. Er på mitt fjerde år på HSH. Har fra før av tatt grunnfag i idrett, samfunnsfag og engelsk. Det siste halve året har eg vore i Australia som utvekslingsstudent. Noko som er sterkt å anbefale. Tenkte eigentlig ikkje å ta allmennlærer men for å prøve å avslutte studeringa. Ellers hadde eg nok blitt ein evig student.