torsdag 30. august 2007

Ein lærar eg hugsar godt

Ein lærar eg hugsar spesielt godt og som gjorde eit spesielt inntrykk på meg, var min tysklærar på vidaregåande. Han var ein lærar eg hadde ein spesiell respekt for og som fekk meg på rett kjøl i eit fag eg hadde heller dårlige karakter i.

Tysk er kanskje ikkje det faget ein har høgast karakter i etter endt vidaregåande. Det er eit fag mage slit med og eit fag ikkje alt for mange bryr seg om. I alle fall er det mange dårlige karakterar ute å går. Sjølv hadde eg store problem i byrjinga og låg på nedre delen av karakterskalaen. Som mange andre var eg litt skule- lei på den tida og hadde ikkje noka umiddelbar tanke om å legge ein stor innsats i faget. Det som blei vendepunktet for meg i dette faget var læraren. Han hadde vel ein litt gammaldags stil og hadde lita tru på ansvar for eiga læring. Han kjørte ein strikt disiplin og likte dårlig om det var nokon som sluntra under heimearbeidet. Eg hugsar godt at når kvelden kom å ”leksa” skulle gjerast var det ikkje noko alternativ å sluntre unna. På denne måten fekk han meg og fleire til å jobbe med faget å setje seg skikkelig inn i ting. Dette viste seg og igjen på karakterane. Me kom til og med opp i skriftlig eksamen i faget. Dette tok læraren vår på strak arm å sette seg ned me oss å terpa tysk til den store gullmedalje. Eksamenen gjekk over all forventning. Dette takka vera ein engasjert lærar som ville lærar oss dette.

No seier ikkje eg at god gammaldags disiplin med pugging å smekk på fingeren er vegen å gå for ein lærar. Det eg midlertidig lærte av denne læraren er at engasjement er veldig viktig. Ser du at læraren brenn for faget å verkelig vil læra deg noko gjer du kanskje ein ekstra innsats i faget, sjølv om det kan vera nokså tørt å kjedelig.

6 kommentarer:

Kari sa...

Kjekt å lesa, Gunnar! :)Eg hadde ei slik tysk- lærar sjølv, og hugsar endå an,auf,in,neber,über,unter osv.. Me kan vel konkludera med at god kommunikasjon,engasjement og god fagleg kunnskap er bland dei viktigaste tingene for ein lærar?

Rebekka sa...

helt enig i at det ikke er gøy å høre på en lærer som ikke brenner for faget sitt. Om en lærer egnasjerer seg, virker det som om at de fleste elevene våkner opp... Har jo hatt en lærer som KLIKKA i vinkler om vi ikke gjorde som hu sa, og den læreren ble (mildt sagt) ikke likt. Men det som er saken, er jo det at det var i de timane jeg lærte noe :S...
Så det fins kanskje en mellomting mellom det å være dumsnill, og det å klikke med gjevne mellomrom.

Tone Helen sa...

Eg er heilt einig med deg når det gjeld det med engasjemang for faget. Det er utruleg viktig. Eg hadde ein uengasjert lærar, som ikkje brydde seg om alternativ læring i det heila på videregående. Dei timane i tysk var for min del bortkassa tid. Ikkje alle kan vera lika heldige! :)

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Å "inspirera" til å arbeida jamnt og trutt i eit fag, er alltid lurt. Spesielt når det i etterkant gir meistringskjensle og positive utslag på karakterskalaen. Engasjerte lærarar som brenn for faget sitt, og inspirerer til ekstra innsats, er gode førebilete å ha med seg vidare ut i yrket...

Birgit :-)

Hanne Mari sa...

Hei Gunnar :)
Ja, han var ein fantastisk lærar! Men læraren din høyres veldig flott ut han og. Det er viktig med sånne lærare, og det er vel difor me også går her? For å læra å bli gode lærare sjølv... :)

Gunnar sa...

Ja han var den læraren eg i alle fall alltid kjem til å hugsa. Han har forresten gått av med pensjon no:)