onsdag 30. april 2008

Refleksjonsnotat for pedagogikk 2007/2008



Då var me snart ved vegs ende med pedagogikken og året totalt. No er det eksamensperiode og me skal visa kva me duger til og om me har lært noko i året som har gått. Me får håpe kunnskapen sitter der sjølv om det er liten tvil om at det kvart år blir eit lite ”skippertak” føre eksamen.

Pedagogikk som fag var i og for seg ikkje noko nytt for meg. Eg har hatt det før i forbinding med grunnfaga eg har teke, men eg har aldri komme so mykje inn på det som me har gjort i år. Det har vore veldig spanande å lært om dei ulike filosofane og dei ulike grunnsyna som finnes. Me har og vore borti ulike metodar for undervisning, korleis ein kan jobba i skulen, korleis ein skal tilnærma seg elevane og mykje anna. Det er ein ting å læra pedagogikken i teorien, men ein skal og kunne bruke den i praksis og reelle situasjonar noko me har gjort til fulle. Me har fått sett korleis ulike teoriar fungerar i praksis og har hatt konkrete oppgåver å jobba med ute på Langeland skule. Slik har me blitt peika inn på korleis ting fungerar i praksis og kan sjå det i høve til teori som er relevant for oss som skal blir lærarar. Eit eksempel på dette er matematikk/ pedagogikk oppgåva som me har jobba mykje med både i teorien og praksis. Denne oppgåva har og til dels vore med å påverka mitt personlige grunnsyn som er det sosiokulturelle grunnsynet. Dette har eg og skrive mykje om i matematikk/ pedagogikk oppgåva mi. I forbinding med denne oppgåva fekk me prøva ut arbeidsmetoden i praksis og fekk sjå korleis elevar jobbar i samspel med kvarandre.

Med det sosiokulturelle grunnsynet i høgsetet har eg altså tru på at elevane lærar best når dei får arbeida i saman med kvarandre. Dette har eg sett korleis fungerar i praksis og har ikkje miste trua på det av den grunn, snarare tvert om. Det at elevane kan dra nytte av kvarandre og læra saman i eit fellesskap har dei ein enorm nytte av. Dette ser eg og på meg sjølv som student og korleis eg lærar best. Me har i gjennom året som har gått jobba mykje på denne måten og eg føler at eg har hatt eit stort utbytte av det. Dette grunnsynet og denne måten og jobba på er med andre ord avhengig av eit godt samarbeid for å kunna fungera. Kva skjer då dersom samarbeidet ikkje fungerar? Det er no ein gang sånn at ikkje alle menneske passar like godt i saman og det kan oppstå gnissingar som kan gå ut over og øydeleggja eit godt samarbeid. Då er det ikkje lett å jobba saman å få eit godt produkt ut av samarbeidet. Derfor må me som lærarar vera beviste på kven ein setter i saman om ein skal jobbe på denne måten. Det vil vera hensiktsmessig å fordela elevane i grupper etter kven ein veit av erfaring jobbar godt i lag. På ei anna sida så trur eg elevane før eller seinare må læra seg å jobba i lag uavhengig om dei likar personane dei jobbar med eller ikkje. Det å kunna fungera og samarbeida i saman med andre menneske er veldig viktig ikkje berre i skulen, men og i framtidige jobbar.

Det å jobba saman og kunne dra nytte av kvarandre ser me jo særleg i måten lærarane jobbar på i skulen. Lærarane sitter ikkje lenger vekk gøymde i kvar sin krok, men jobbar i saman om planlegging av økter og andre ting som har med elevane å gjera. Dette såg me eksempel på då me var på Langeland skule. Me skulle då vera på 6. trinnet og der hadde dei eit eige 6, klasse team. Dette var alle lærarane som hadde med 6. trinnet å gjera. Dei jobba saman om dette å laga planar, drøfta timar og situasjonar i lag. Dei hadde erfaring med dette og meinte at dette var ein super måte å jobba på. Ein følte seg ikkje lenger aleine i det ein dreiv med og hadde ein ekstra tryggleik i sine kollegar. Den same følelsen fekk me som studentar når me vart integrert i dette teamet og fekk føle korleis ein jobbar i saman på team.

Me har altså jobba mykje med dei ulike grunnsyna og filosofar i pedagogikken i år, og eg har sagt at mitt foreløpige grunnsyn byggjer på det sosiokulturelle læringsperspektivet. Når det er sagt så me eg og seia at eg ser nytta i å bruka dei andre grunnsyna i skulen. Det er ikkje nødvendigvis sikkert at det sosiokulturelle læringsperspektivet alltid fungerar som det skal. Då er det nyttig å kunne ta bruk andre metodar og måtar å jobba på. Variasjon er eit veldig viktig stikkord her. Det å kunna variera i måten å jobba på og korleis ein gjer ting vil vera til stor nytte for elevane. Ikkje berre får dei variert undervisning men dei lærar kanskje og på ulikt vis og då vil dei få ulikt utbytte i det dei driv med. Sjølvsagt skal ein ikkje bytte for ofte dersom ein har funne ein måte å jobbe på som fungerar veldig bra, men det viktige er å bruka metodar og måtar å jobba på som heile tida gagnar elevane. Då kan det vera nyttig å kjenna til både Vygotsky, Piaget og behavioristane for å ta nokon.

Skal ein sjå tilbake på året som har gått med tanke på korleis pedagogikk faget har påverka lærar rolla mi, har eg ulike tankar om dette. Som lærar er det viktig å ver både fagleg flink samtidig som du er ein god pedagog og kan læra frå deg denne kunnskapen. Dessverre trur eg det er altfor mange lærarar ute i Noreg som er veldig faglige flinke men ikkje så gode til å læra frå seg denne kunnskapen. Det er derfor eg meinar at pedagogikken er så viktig som den er. Ein lærar som ikkje kan lære frå seg er jo ingen ting. Det er derfor viktig at me som studentar og framtidige lærar klarar å tileigne oss så mykje kunnskap som råd er innafor pedagogikken. Det gjelder både teoretisk og praktisk kunnskap. Dette føler eg me og har fått i året som har gått. Me har fått inn teorien gjennom førelesningar, arbeid med oppgåver, gruppearbeid og arbeida med det i praksis. Sjølv meiner eg at me som studentar lærar mest når me er ute i praksis. Det er her me får prøvd oss og det er her me får sjå korleis ting verkeleg fungerar. Eg meiner at me på skulen lærarar oss det faglige som er nødvendig, men det er i praksis ein verkeleg lærar å bli lærar. Samtidig trur eg det er viktig at det som me går i gjennom i førelesningane er relevant for oss, og me må kunna sjå det igjen i lærarkvardagen. På denne måten vil me tileigne oss kunnskapen på ein betre måte og få meir ut av det faglige. Dette føler eg at me i stor grad har fått gjennom pedagogikk undervisninga i år. Oppgåver og førelesningar har i stor grad vore relevante og reelle for meg som framtidig lærar. Eg må seia at eg lika særleg godt det yrkesetiske seminaret der ein jobba med casar i lys av ulike teoriar. Dette hadde i alle fall eg eit godt utbytte av og lika måten å jobba på. Den siste oppgåva som me jobba med som var casen med Mons som problemelev var og veldig nyttig. Då særlig på grunn av at situasjonen var reell og ein situasjon me kan forventa oss å få som lærarar. Det å jobba med denne oppgåva i praksisgruppa syntest eg var veldig nyttig særleg sidan ein skulle dra inn relevant teori inn i praksis. Då får ein sjå det teoretiske inn i det praktiske noko eg trur eg ein særs nyttig måte å jobba på.

Ingen veit kva framtida vil bringe seies det. Det eg veit er at eg har mitt siste år igjen på lærar skulen. Då har eg gått fem år. Heilt utrulig så tida flyr. Eg trur me som framtidige lærarar går framtida lyst i møte. Det vil mest sannsynleg vera lett å få seg jobb og finne seg ein arbeidsstad der ein vil trivast. Særleg trur eg me mannlige lærarar vil bli etterspurte. Ein stor del av lærarstaden er kvinnelige og bør balanserast meir. Som framtidig lærar trur eg det vil vera viktig å både vera faglig dyktig samtidig som ein er ein god pedagog. Det å setta elevane i høgsetet er naturlig vis viktig og det å vera eit godt førebilete, respektert utan og vera autoritær er veldig viktig. Opparbeidar ein eg eit gjensidig tillitsforhold mellom elev og lærar er ein del av jobben gjort. Det er viktig å vera positiv og ha godt humør, slikt smitter:) Samtidig er det å samarbeida både med elevar, kollegar, arbeidsgivar og føresette sentralt Det er så utrulig mange kjenneteikn som karakteriserar ein god lærar, så det er vanskelig å ramse opp alle. Dette var nokon av dei eg meinar er viktige og som eg vil prøve å ta med meg inn i mi framtide rolle som lærar.

torsdag 17. april 2008

Veiledning og vurdering

Vurdering og veiledning er to pedagogiske aktivitetar som tek sikte på å fremja læring, utvikling og vekst. Korleis skal ein så gjera dette? Korleis skal ein veileda elevane slik at dei kan utvikla seg og få utbytte av det? Er vurderinga av elevane viktig og er det noko me bør ha?

Veiledning med elevar er ein dialog mellom lærar og elev der føremålet er at eleven skal ha eit ubytte av det. Dette forutset ein god dialog, og tillitsforholdet mellom elev og lærar er utrulig viktig. Har du ikkje opparbeida eit tillitsforhold til eleven/ elevane du skal veileda er dette vanskelig. Da vil ein få problem med å få eleven til å høyre etter og få i gang den gode dialogen du ynskjer. For ein god veiledar er det viktig å kunne vera utforskande med elevane. Ein må setta seg inn i oppgåvene saman med elevane og stille gode spørsmål. Dette kan få i gang ein undringsprosess hos eleven som gjer at han strekker seg enda lenger for å nå måla sine. Det å kunne stille gode spørsmål er utrulig viktig som lærar. Det er ikkje hensiktsmessig å gje elevane svara med ein gang men heller få dei til å finne ut av det sjølv. I denne prosessen er det viktig at læraren er med som ein god veiledar og at ein i eit fellesskap kan finne ut av ting. Det å gje råd er og viktig. ”Det dykk gjer no er for så vidt rett, men eg ville ha…… ” Dette er berre eit eksempel av mange om korleis ein kan gje råd til elevane på ein god måte. Gjer elevane feil er det viktig å korrigera dei. Ein må gje tydlege beskjedar på at slik må dykk ikkje gjere det. Samtidig som ein korrigerar feilen er det og viktig å seia korleis ein kan gjera det annleis. Ikkje berre sei at dette er feil og så legge ballen død.

Vurdering av læring er ei skildring av eleven sin kompetanse i eit fag på eit gitt tidspunkt. Denne vurderinga kjem i form av karakterar når elevane byrjar på ungdomskulen. I barneskulen er det ikkje karakterar men samstundes blir elevane vurdert i det dei gjer i dei einskilde faga. Kva er så poenget med vurdering? Jo den skal danna eit grunnlag for betring i det einskilde faget. Vurdering er viktig fyst og fremst for å fremje motivasjonen og gje god veiledning gjennom feedback og feedforward. Den gjer og eleven og dei føresette ein peikepinn på korleis eleven ligg an i faga på skulen og om han når dei måla som er sett. Framtidige arbeidsgivarar og samfunnet generelt vil ha denne informasjonen om elvane til å måle kompetansen til framtidige arbeidstakarar. Skulen som elevane går på blir og vurdert etter kor høgt nivå elevane på denne skulen ligger på. Alle blir med andre ord vurdert. Det ein kan spørja seg då er om denne vurderinga er nødvendig og om den fremjar kompetansen til elevane. Eg trur heilt klart denne vurderinga er viktig. Elevane trenger å få vurdering av det dei gjer, dei treng nokon som setter krav til dei og dei treng nye mål å strekka seg etter. Samtidig som vurdering er viktig er det og viktig å hugsa på svake elevar som synes det er vanskelig og tungt å bli vurderte. Vurderinga i skulen bør som mykje anna og komme inn under tilpassa opplæring. Ein må ta omsyn til den einskilde elev å tenkja på korleis han eller ho kan ha nytte av denne vurderinga eller veiledninga. Det er og viktig å passe på at det ikkje blir eit slik jag etter karakterar og vurdering at den går utover kvaliteten på arbeidet.


Revidert: 30.04.08 Ein ting som ikkje kom så godt fram i dette innlegget er at eg meinar at undervegsvurderinga kjem inn under tilpassaopplæring. Med å rettleia å vurdera eleven gjennom heile året kan han/ho stadig føle progresjon og utvikla seg. Samstundes er det viktig å evaluera eleven etter endt år. Dette kan vera både til nytte for deg som lærar og eleven sjølv.

mandag 7. april 2008

Tilpassa opplæring

I opplæringslova står det at opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadane hjå den enkelte eleven. Dette gjer at læraren står ovanfor ei stor utfordring. Han skal tilpassa opplæringa for kvar enkelt elev samtidig som han har ansvaret for ein klasse på 20-30 elevar. Sentrale omgrep innanfor tilpassa opplæring er blant anna likeverdig opplæring som går på det at alle faktisk må behandlast og tilnærmast på ulike måtar. Inkluderande opplæring går på å at alle tar del i felleskapet på ein likeverdig måte, faglig sosialt og kulturelt. I mange klassar har ein og elevar som treng spesialundervisning, det vil seia at dei ikkje har får det utbytte dei treng av vanlig undervisning. Korleis skal ein så greia dette?

Eit viktig stikkord her trur eg er metodevariasjon. Elevane lærar på ulike måtar og kan du som lærar variera i metodane og måtar å jobba på vil elevane tene på dette kvar sin gang. Nokon lærar kanskje best av tavleundervisning andre av å jobbe mykje med stoffet. Med ein variasjon i metodevalet vil ulike elevar få ulikt utbytte av kvar enkelt time. Ein anna ting som er viktig å hugse på og som står i den generelle delen av LK-06 er at opplæringa skal møte barna og unge på deira eigne premisser samtidig som ein skal føre dei inn i grenseland der dei kan lære nye ting. Det er viktig at ein tilpassar nivået elevane er på samtidig som ein må sjå til at dei stadig lærer nye ting og prøver å meistre nye utfordringar. Det er og viktig at ein setter seg opp mål for elevane som dei kan meistre og har ein god måte å måle denne måloppnåinga. I praksis på Langeland såg me eksempel på dette. Her hadde elevane kvar veke to faglege mål for veka. Desse blei målt i slutten av veka med ein måltest. På denne måten fekk ein viss peikepinn på kva den enkelte eleven hadde fått med seg i løpet av veka. Det kan og vera hensiktsmessig å sette opp eigne mål for elevar som treng dette. Det kan både vera faglige mål og mål som har med atferda til den einskilde elev å gjera. På denne måten kan ein ta tak i problem å sørgje for at den enkelte elev forbetrar seg.

Eit anna stikkord innafor tilpassa opplæring er differensiering. Dette handlar om å ta omsyn til enkelt elevar sine føresetnadar og behov når det vert bestemt korleis undervisning skal organiserast og gjennomførast. Differensiering blir igjen delt i to underpunkt. Det eine er organisert differensiering som går på å fordela elevane etter nivå.( Like barn leiker best) Det andre blir kalla pedagogisk differensiering som går på at fordelinga skjer innanfor vanlig klasse eller grupper. Her meiner eg at den pedagogiske differensieringa er den beste måten å jobbe på. At ein samlar elevar som er på likt nivå vil ganske sikkert gagne dei beste, men samtidig vil ikkje dei svake elevane få noko ut av dette. Har ein derimot blanda ”drops” med elevar med ulike føresetnadar vil elevane etter det sosiokulturelle læringsprinsippet læra av kvarandre. Svake elevar vil forbetra sitt nivå i samarbeid med elevar som er på eit høgare nivå og som kan hjelpa dei på ein anna måte enn det læraren kan gjera. Det som derimot er haka med denne differensierings metodar er at dei faglig flinke elevane kanskje ikkje utviklar seg slik dei kunne gjort med elevar på sitt eige nivå.

Eit godt eksempel på tilpassa opplæring såg me i praksis på Langeland i samband med leselyst prosjektet dei hadde i 6. klasse. Her kunne elevane sjølv velje bøker etter nivå med fargekodar. Dette gav elevane muligheit til å jobbe på det nivået dei følte dei sjølv var på innafor lesing samtidig som dei kunne prøve seg på eit høgare nivå. Læraren har sjølvsagt ei viktig rolle i dette som vegleiar for elevane med tips og kontroll på kva nivå elevane vel.

Revidert: 30.04.08 Det er eit veldig stort fokus på dei svake elevane når det er snakk om tilpassa opplæring. Kva så med dei flinke? Alle har jo krav på denne tilpassa opplæringa. Eg meiner at ein må ha ei ekstra opplegg til desse. La dei bryne seg på ekstra stoff eller gjerne kjenne på nivået som er eit hakk over dem, altså neste års pensum. Det må ikkje bli slik at dei må vente evt. gjera andre ting fordi progresjonen i klasserommet går for seint for dei.

Yrkesetisk seminar



Då var me i gong igjen etter ei fin påske. I denne veka har me jobba med caser i grupper med fokus på lærarens rolle i ulike problemstillingar. Dette synest eg var ein veldig positiv måte å jobba med stoffet på. Det at ein kan knytte yrkesetikk opp mot reelle casar trur eg er utrulig viktig. Då fyst og fremst på grunn av at det gjer det mykje meir interessant som igjen fører til at me lærar meir. Det er og viktig at me kan ta med oss det me har jobba med inn i ei framtidig yrke. Viktige ting blir satt på dagsorden og det at ein får sett dette frå ulike synspunkt og kan få ein diskusjon rundt dette er utrulig viktig.

Som lærar er det viktig å sette eleven i høgsetet og tenkje på elevens beste. Samtidig har du arbeidsgivaren din skulen, foreldre og etiske normer å forholda seg til. Her følgjer ti bod som vår gruppe syntest var særlig viktig for læraren i ein yrkesetisk samanheng.

1. Læraren må forvalte sin makt i samsvar med lovverk, erkjenna grunnverdiar og barns rett til likeverdig behandling.
· Som lærar er du i ein maktposisjon. Det er viktig å bruke denne makt på ein god måte samtidig som du er klar over kva lover å reglar som gjeld. Som lærar er det viktig å formidle gode grunnverdiar for elevane. Dei skal lære å oppføre seg på ein god måte å kunne fungere i saman med andre medelevar. Likeverdig behandling av elevane er viktig. Sjølv om ein har ulike elevar å jobbe med er det viktig å sjå det gode i alle og ikkje stigmatisere elevar.

Læraren er ein omsorgsperson og skal alltid tenkje på elevens beste.
Læraren har eit særleg ansvar for sine elevar. Ein skal sjå til at dei har det godt på skulen og sørgje for at dei får ei så god oppfølging som mulig. Læraren som omsorgsperson er særlig viktig for elevar på dei yngste årstrinna.

Læraren må gå føre som eit godt førebilete både ovanfor elevar og foreldre.
Læraren er eit forbilde for sine elevar og det er utrulig viktig at ein oppfører seg deretter. Har læraren ei god halding og godt humør vil dette og smitte over på elevane. Dette har også motsatt verknad.

Læraren har alltid teieplikt og opplysningsplikt. Dette må oppretthaldast både ovanfor foreldre elevar og skule.
· Dette er viktig for læraren å hugsa på og oppretholde. Kjem ein elev med fortrulige opplysningar er det viktig å tenkje seg om før ein går vidare eller ikkje med desse. Her har ein både skule, elevar og føresatte og forhalde seg til. Ein snakkar heller ikkje om enkeltelevar og skule til personar som ikkje har noko med dette å gjera.

Læraren må kunne sjå enkelteleven i forskjellige situasjonar, og kunne gje god rettleiing og tilpassa opplæring.
· Det er viktig å fylje opp kvar enkelt elev slik at dei kan forbetre seg og føle at dei blir sett av læraren.

Læraren skal kunne reflektera over eigen kompetanse og kunna vurdera kvaliteten på opplæringa.
· Det er viktig å ha god sjølvinnsikt. Kva har eg gjort bra og ikkje? Kva kan forbetrast?

Læraren skal ha eit godt samarbeid med kollegaene, og kunne samarbeide med desse på ein god måte i arbeidet med elevane i skulekvardagen.
· Teamarbeid er utrulig viktig og nyttig i lærarkvardagen. Slik kan ein gjera ein betre jobb overfor elevane å gje ei betre undervisning.

Læraren skal væra ein både inspirerande og motiverande for elevane.
· Dette er viktig for elevane. Er læraren motiverande og inspirerande vil dette skinne igjennom i elevanes innsats på skulen.

Læraren skal sette krav til elevane og forventa fagleg progresjon og sørgje for at elevane kvar dag oppnår meistringskjensle.
· Det er viktig at elevane føler at nokon bryr seg om det dei gjer og kvaliteten på dette. Slik kan dei og forbetre seg. Meistringskjensle er viktig i denne prosessen.

Læraren må vise vilje til å tenkje i nye banar og prøve ut nye metodar.
· Det er viktig å tenkje nytt og ikkje vera redd for å gjera nye ting. Hamnar ein i den same tralten er det ikkje så lett å forbetra seg som fagperson og lærar.

Dette er altså bod me syntest var særlig viktige i ein yrkesetisk samanheng. Det viste seg at og mange av dei andre gruppene hadde dei same innhaldet i sine bod. Noko som viser at me stort sett er einige i om kva som er viktig for læraren i ein yrkesetisk samanheng.

Revidert 30.04.08: Bilete