Ja då er me ferdig me Januar månad allereie og Februar har starta. Skal sei tida flyr. I denne perioden har me hatt om born og nye medium som er eit relativt nytt konsept etter som eg forstår. Etter denne perioden sitter eg att med litt blanda følelsar.
Det som eg synest er positivt med det me har jobba med no er den innsikta me har fått i bruken av digitale verktøy. Det går på både åndsverklova, samansette tekstar og det å lage ein samansett tekst sjølv. Me har og fått prøvd dette ute i skulen i forbindelse med puktpraksisdagen me hadde ute på Langeland. Det var ei kjekk og lærerik erfaring med tanke på korleis ein kan bruke digitale verktøy i klasserommet. Alltid kjekt å prøve ut teorien i praksis. Me har og laga ein samansett tekst der me skulle presentera ei barnebok. Dette gjekk dessverre ikkje heilt etter planen på grunn av at me aldri fekk svar på bruken av rettighetane til boka.
Det eg stiller eit lite spørsmålsteikn til i denne forbindelse er om det verkeleg er viktig å bruke så mykje tid som me no har gjort på born og nye medium. Klart det er nyttig å kunne alt dette me lærer på data osv. Men får me bruk for det? Skulane har som ofte lite midlar å bruke og det går ofte utover ting som digitale verktøy. Mykje av det eg har sett på dei skulane eg har vore i praksis på når det gjelder eksempelvis data er dårlig. Det er få datamaskinar og dei skulane har er ofte dårlige. Kanskje vil det bli betre i framtida??? Det at me brukar så mykje tid på dette i eit fag som pedagogikk vil vel og gå ut over andre ting som me ikkje får med oss og som kan vera vel så nyttige?
Så erfaringane mine med med barn og nye medium er litt delte. Eg ser nytten samtidig som eg lure på om det er hensiktsmessig å bruke så mykje tid på det.

Revidert: 30.04.08
Boka me valde i vår samansette tekst var Mormor og de åtte ungene i skogen. Denne laga me ein presentasjon av med hjelp av film, animasjon, tekst og bilete. På denne måten kan ein få godt fram temaet i boka og kva den handlar om. Denne måten og jobba på og det å laga samansatte tekstar er ein veldig god måte og få ut informasjon på. Gjennom ein god bruk der ein varierar og bruke tekst bilde og film får ein heilt klart fram eit godt bodskap.
Dette kan og bli framtidas stilskriving. Ein får historie og anna formiddla gjennom digitalt samansette tekstar. Dette vil jo heilt klart vera nyttig i mangen samanhengar. På same tid håper eg ikkje at dei gode gamle bøkene forsvinn. Me er inne i ein trend der ferre og ferre leser bøker noko eg meiner er synd. Kansje kan ein i framtida både ha bøker og samansette tekstar til å formiddle eksempelvis historie.
5 kommentarer:
Hei, Gunnar...
Eg ser at du rett som det er stiller deg denne typen spørsmål, og då må eg nesten seia, "Have a little faith". Trur du vi nyttar IKT og prøver å gi deg som student digital kompetanse på bekostning av pedagogikkfaget? Nei! Du er så heldig at du får det i tillegg! Det er sett av nokre timar til dette, men fordi eg meiner det er viktig, og fordi det er ein av 5 GRUNNLEGGJANDE DUGLEIKAR i LK06, har vi dette som ein del av undervisninga på A1. Så veit du det.
Birgit :-)
Var ikkje meininga å berre vera kritisk til det me holder på med. Oppsummerte både positive og negative ting. Meiner sjølv det er viktig å vera litt kritisk av og til å stilla spørsmål på det me holder på med. Alt skal vel ikkje slukast rått???
Hei Gunnar. Det er ei grei oppsummering du har skrive om temaet born og nye medier. Eg er heilt einig med deg i at me har fått ei grei innsikt i bruken av digitale verkty; alt ros til høgskulen for dette, då eg trur dette er ein svært viktig kompetanse å ha med seg i framtidas skule. Då eg har hatt praksis på Skåredalen, ser det ut for at eg sit att med andre erfaringar enn dei du har tileigna deg i praksisperioden på Langeland. Skåredalen har god tilgang på ulike digitale medier, og eg ser for meg at om eg skulle ha jobba der i framtida, så hadde det vore ein fordel om eg hadde hatt ei brukbar innsikt i mellom anna dette me har lært dei siste vekene.. men sjølvsagt: eg er med på kva du tenkjer: det er ikkje på langst nær alle skulane som er ein slik opprusta IKT-skule, og at det difor kan verke litt "meiningslaust" å bruke tid på dette.. men men.. eg trur uansett at litt IKT-kompetanse kan vere kjekt å ha :) ha ein god dag!
Hei igjen, Gunnar...
Når ein ber om feedback, er det på sin plass med både ris og ros. Men i høve til det ein har føresetnad til å uttala seg om, innhaldet, punktpraksis og verktøya. Når det gjeld timeplanen som er sett opp for A1-studentane, så har ikkje du naudsynt innsikt til å uttala deg om det, spesielt ikkje i høve til det feltet eg har fått eit særskilt ansvar for, som er digital kompetanse for dykk som framtidige lærarar. Det var det som var mitt poeng. Eg meiner IKKJE med det at du skal "sluka alt rått".
Birgit :-)
He he. Godt at me har sterke meiningar, i alle fall. Hadde det ikkje det hadde det blitt ein kjedelig verden. Tenk dersom alle var einige. "Knallkjedelig"
Legg inn en kommentar