onsdag 23. januar 2008

Punktpraksis IKT 22.01.2008

Ja då har me vore og utført oppdraget vårt på Langeland skule innanfor punktpraksis og IKT. Dette må eg med hånda på hjarta sei gjekk som forventa og økta fungerte bra. Me hadde fyst ein kort introduksjon av bruken av powerpoint. Elevane jobba deretter i grupper med ulike tema dei kunne velja sjølve. Me hadde sett opp tre emner dei kunne jobba ut i frå og lagt informasjon og bilder ut på mapper på fronter. Med dette kunne me unngå søking på internett og ulovleg bruk av bilete. Etter at elevane hadde jobba med dette i tre timar var det tid for framføring. Framføringa bestod av ein powerpoint presentasjon gruppa hadde laga om dei ulike emna. Dette framførte dei foran klassen, det vil seia to klassar sidan me hadde A og B samla i eit klasserom under framvisninga.

Dette synest eg gjekk over all forventning. Stort sett alle gruppene hadde laga fine framføringar og framførte desse på ein god måte foran sine klassekamerater. Det er ikkje berre positivt at dei hadde fått til å bruke programmet som jo var våra mål , men og det at dei kan framføre dette på ein god måte. Dette gjorde dei på ein flott måte og det var kjekt å vera tilhøyrar. Tilbakemeldingane me fekk fra øvingslærarane var og positive og dei synest det hadde vore ein innholdsrik og ikkje minst lærerik dag for elevane.

Dette at elevane får utvikla sin kompetanse innanfor digitale verktøy og bruken av desse er utrulig viktig. Det er ikkje berre viktig at dei kan kunne bruke desse verktøya, men og kunne sjå nytten av å bruke det. Så det å jobba vidare med vrimmelen av digitale verktøy også i framtida trur eg er viktig. Kansje kan me ha ei ny økt i neste praksisperiode med nye utfordringar for elevane innanfor IKT.
Revidert: 28.04.08
Denne økta gjekk som eg allreie har sagt veldig bra. Det som slår meg litt er kor tidleg elvane no får læra dette som eksemplevis bruk av powepoint. Dei går jo i 6. klasse og er ikkje meir enn ca 12 år og enda tar dei dette på strak arm. Eg personlig lærte ikkje å nytta dette før på lærarskulen. Før den tid hadde eg aldri brukt det. Så det viser litt korleis tidene forandrar seg.

3 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Det å leggja inn bruk av digitale verktøy og i neste praksisperiode, høyres ut som ein god plan, Gunnar...

Birgit :-)

Franny Maria sa...

Hei Gunnar.

Me hadde ein kjempe dag med elevane,og trur dei lærte masse. Ja, me må prøva å gjera det i praksis igjen! Som kritsik venn spør eg deg; er det noko du ville ha gjort ulikt visst du skulle gjort det ein gong til?

Gunnar sa...

Det som kansje burde vart gjort annleis var at det blei litt mange kokka, og litt søl. Meiner med dette at det var litt forskjellige beskjedar ute å gjekk, nokon lagra på fronter og nokon på pcen. Men dette er jo berre flisespikkeri. Og det ordna seg jo til slutt.