søndag 26. august 2007

Pedagogikk faget.

Ja då var me ferdig me ei veka med mykje informasjon om dei ulike faga.
Har vore gjennom ein del fagplaner no, men sånn er det no ein gang dei fyste vekene. Skal bli kjekt å komme i gang me sjøve faga og føle at ein på
ein måte er i gang.








Pedagogikkfaget trur eg absolutt kan bli spennande. Det er ein ting å vera faglig dyktig, men det å kunne lære denne kunnskapen er vel så viktig. Er så altfor mange lærara som har ein kjempegod fagkunnskap men har ikkje evna til å læra dette fra seg. Å da blir det vansklig for elevane å tileigne seg kunnskap. Så det eg håper å få ut av pedagogikk faget er nettop det å kunna læra fra seg på ein god måte. Korleis ein kan legge til rette for læring slik at elevane kan læra mest mulig er viktig. Tenker da særlig på læringsmetoder i dei ulike faga. Korleis ein kan legge opp undervisninga i dei ulike faga på ein god måte. Så dette håper å trur eg er eit veldig viktig fagområde i mi lærarutdanning.

Ja dette var mitt andre utlagte blogg. Trur dette kan vera ein kjekk måte å både utrykke seg å kommunisera om faget på. Her kan ein og få ein innsikt i andre sine tanker og meininger å kommentera på dette om du er einig eller ueinig.

På gjennsyn.

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

På måndag brakar det laus "på skikkeleg" :-)
Korleis leggja til rette for læring, ja, sjå det er eit sentralt spørsmål i all undervisning. Her fins mange svar, og ingen fasit, og det er vel det mange tykkjer er så frustrerande og utfordrande med pedagogikkfaget. Kjekt å sjå at du er komen godt i gong med blogginga di!

Ser vi snart ditt "blide åsyn" på sida her, mon tru?

Birgit :-)