
Ellers må eg sei at eg blei positivt overraska over timane så langt i ped. Har vore innehaldsrike å kjekke. Forelesninger i auditorium har ein tendens til å bli"litt" kjedlige men so far so good. Timane med miming og film var og gode eksempler på korleis kroppspråket er og kan brukast i ulike situasjonar. Det som var ekstra bra med denne serien fra NRK var dei ulike døma som vart brukt for å illustrere kommunikasjon og kroppspråk. Ofte er dette noko ein ikkje tenkjer over dagligdags. Det skjer berre automatisk.
Revidert: 27.04.08
Ein viktig del av kommunikasjonen i skulen er dei du samarbeidar med til dagleg. Dvs. Elvane, kollegar, rektor og føresatte som kansje dei viktigaste. Elevane er det jo sjølvsagt viktig at ein kommuniserar godt med og har ein god og åpen dialog. Det er utrulig viktig at ein høyrer på elevane og opparbeidar deg ein tillit til dei. Då vil læringa til dagleg går lettare og det blir opretta ein gjensidig respekt for kvarandre. Det å samarbeide med andre er særleg aktulellt i lærar yrket. Det har me og sett døme på no når me har vore ute i praksis. Læraren jobbar på team og i samarbeid der ein drar nytte av kvarandre. Slik trur eg produktet som skal nå ut til elevane blir betre og som ein seier så tenkjer to hovud betre enn eit:) Vidare har ein lærar som i alle andre yrke ein sjef og forhalde seg til. Dvs. rektor på skulen. Det er viktig at ein har ein god dialog med rektor og bruke han/ henna til råds når det trengs. Også i dette tilfellet er gjensidig respekt viktig i saman med ein god dialog. Til slutt men ikkje minst så har ein og elevanes føresatte og forhalde seg til. Her er det viktig å få i gang ein god dialog så tidleg som mulig. Ein skal mest sannsynleg samarbeida med dei over lengre tid og det god kommunikasjon med desse er sentralt og ikkje minst viktig for den einskilde eleven.
Køyrereglane for praksisgruppa
1. Alle skal ha lov til å sei si meining.
2. Lik arbeidsmengd for alle medlemmer
3. Rutinemessige refleksjonar og evalueringar av arbeidet.
4. Møteplikt, sei i frå når du ikkje kan møta.
5. Alle tar ansvar, og ingen skal vera redd for å ta iniativ.
Skal ein sjå tilbake på desse reglane no nesten eit år etter så må eg seia at det har fungera bra. Me har ei velfungerande praksisgruppa der alle deltar og er aktive. Dette trur eg er veldig viktig og gjer kvardagen som student enklare:)
1 kommentar:
Det er ei grei og forsåvidt rett fram oppsummering av økta i går. Eg går litt vidare, og spør:
Var det noko du ikkje visste frå før som du no har lært? Var det noko du tykkjer er ekstra lurt når du skal ut og treffa elevane i praksis i høve dette med kommunikasjon? Fekk du noko utav forslaga til fordjuping på eiga hand? Noko ekstra du merka deg i høve til desse artiklane? Kva likte du spesielt godt med kroppsspråk episoden frå NRK? Elles kan du godt ha overskrift på innlegg som passar med innhaldet i økta, som t.d. Kommunikasjon og samarbeid...
Birgit :-)
Legg inn en kommentar