mandag 14. januar 2008

Punktpraksis dag

Dagen i dag har gått med til planlegging av dagen som me skal gjennomføre neste tirsdag på Langeland. Vekta på dette opplegget skal vera på bruken av digitale verktøy. Eg synest det er positivt at me får nytta dager på skulen til denne planlegginga. Slik kan me planlegge i lag og i tillegg på litt respons og veiledning av Birgitt, som jo er nyttig for oss får å få til eit godt opplegg. Me har no fått snikra i saman eit opplegg til denne dagen som går på powerpoint og bruken av dette. Me har og tenkt å snakka litt om søking på dette og bruken av søkemotorar.

Det som eg synest er litt vansklig med tanke på bruken av digitale verktøy i skulen er det utstyret som mange skular har til rådighet. Veldig mange skular ligg langt tilbake i tid på dette området. Tar ein Langeland som eksempel er det ikkje akkurat noko å hoppa i taket for. Det er mykje gammalt utstyr ute å går. Gamle bærbare maskiner som for lengst har sett sine beste dagar. Dei er sjølvsagt betre enn ingenting, men det kunne vore så mykje betre. Kvar gang elevane skal bruke desse maskinane er det klaging på kor seint det går osv. Eg fortår sjølvsagt at dette er på grunn av manglande midlar. Dei kan ikkje berre gå ut og handle det dei vil og vera stadig oppdatert på det nyaste som finst. Så eg må ærlig innrømme at eg er litt misunlige på dei som er på Skåredalen og etter som eg forstår har tipp topp utstyr. Det blir og litt kontrastar å lære ting på Høgskulen med tipp moderne utstyr for så å komme ut til skular der det slett ikkje er det samme verktyget å jobba med. Men sånn er det no ein gang og dette må me nok berre forhalda oss til.

Ellers skal det bli spanande å komma ut og prøve ut opplegget på Langeland og kjekt å sjå elevane att.

Revidert: 30.04.08

I dette innlegget skreiv eg litt om vår planlagde økt innafor IKT bruk og powerpoint. Ser her at me hadde sett oss litt store planar med eit ganske stort opplegg. Det skal vera sagt at me fekk ikkje tid til så mykje anna enn powerpoint denne dagen. Men det er jo betre å ha for mykje planlagd enn for lite:) Ellers så hadde eg i dette innlegget skrive litt om gamle maskinar i skulen. Fekk då beskjed av Birgit at skulen skulle ha fått nye maskinar i følge kommunen. Slik var det då ikkje. Langeland hadde framleis det same utstyret. Dette seier vel litt om at ting ikkje alltid er slik som dei eigentlig"skal vera" i teorien.

7 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Gunnar...
Då kan eg gleda deg med at dei nye elevmaskinane som vart delt ut frå kommunen, skal vera i tipp topp stand (av året), og at leasingavtalen til kommunen er slik at pcane ikkje skal vera eldre enn 3 år (då vert dei bytta ut). Sjå meir her:
http://www.stord.kommune.no/hordaland/stord/stordk.nsf/932db17d668fff70c12569370027a098/515099918d30f2e5c125732b00208e29!OpenDocument

Birgit :-)

Gunnar sa...

Har skulane fått desse??? Dei pc ane dei jobber med no er no i alle fall eldre enn tre år.

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei igjen, Gunnar...
Ja, i følgje Lars Bakka, så skal dei ha fått dei. De får spørja rektor og etterlysa dei gjerna?
Elles har eg eit tips i høve til søkjing på nettet - eit opplegg kalla "Inn i jungelen". Det finn de her: http://www.skolenettet.no/moduler/Module_FrontPage.aspx?id=27203&epslanguage=NO

Birgit :-)

Gunnar sa...

Takk for tipset!

Franny Maria sa...

Hei Gunnar :)

Enig med deg at dei skulle hatt betre data masiknar, for dei må jo slå dei av og på fleire gongar i timen... Vist det hadde vore nyare maskinar hadde du brukt dei betre?meir? og til kva?

-Franny Maria

Gunnar sa...

Med nyare og betre maskinar, vil ein sleppe litt av dei problema me har opplevd til no. At dei går veldig seint, har feil i softwaren osv. Sjølv om det kan vera problem med nye og.