mandag 7. januar 2008

Nettvett

Ja då var me i gang med eit nytt år og nye bloggmulighetar:)

I vår moderne kvardag er internett ikkje berre blitt eit hjelpemiddel, men og ein nødvendigheit. Me bruker det så og sei til alt, og om me likar det eller ikkje har me faktisk gjort oss avhengige av nettet. Internett har erstatta dei gamle måtane å jobba på og er raskt og effektiv å bruka både i arbeid og til privat bruk.

Som lærar er det viktig å kunne bruke internett på ein god måte. Det vil seia at me må setta oss inn i korleis ein kan bruke nettet på ein god og rett måte. Eg tenkjer ikkje då berre på nyttebruken av internett men og om lovar og reglar som må fyljast og som må vidare formidlast til elevane. Tenkjer då særlig på spørsmålet om opphavsrett o.l. Dette er ein ting eg veit at i alle fall eg slurvar med. Ser eg eit bilete eller anna på nettet så tenkjer eg at dette er jo tilgjengelig for alle og då kan alle bruke det. Slik er det då ikkje. Ein må ha løyve frå den som har opphavsretten til bilete for å kunne bruka det. Sjølv om eg personlig synest dette er litt tullete og tungvindt så er det no ein gang slik og desse reglane må me fylja. Det er særlig viktig at me gjer elevane oppmerksame på dette. Ein kan ikkje bruka kva ein vil av det som ligg på internett å gjere det til sitt eige. Ein må ha løyve for å bruka det så sant det då ikkje er lov å bruka for alle. Eg trur nok det dessverre er fleire med meg som ikkje veit om denne såkalla "fusk og fanteriet" me driv med på internett, og det er naturligvis viktig å vera klar over det som lærar.

Ein annan ting som er viktig å vera klar over som internett- surfar er tryggheten på nett. Internett kan og blir ofte misbrukt av personar. Dett kan vera alt frå chatte kanalar til mail o.l. Som lærar er det viktig å gjera elevane oppmerksame på dette. Det er klart dei må lov til å chatte med kvarandre på internett via MSN og andre media, men at dei samtidig må vera oppmerksame at dei kan bli kontakta av framande personar som ikkje har "reint mel i posen" Det som er viktig i denne samanheng er nok og vera litt kritisk og oppmerksam på det ein held på med på internett. Ein bør ikkje sitte og chatte med framande personar på nettet. Ein veit aldri kven som er i den andre enden. Ein annan ting er at ein bør vera forsiktig med å legge ut for mykje informasjon og bileter av seg sjølv. Ein veit aldri kven som kan få tak i dette og misbruke det. Det er veldig viktig at elevane blir klar over dette og kva som kan skje og har skjedd med personar som har vert for uforsiktige i sin bruk av nettet.

Ein ting me som framtidige lærar bør tenke på er vår eigen bruk av internett. Kva driv me på med på nettet. Det er kanskje ikkje så lurt å legge ut masse forskjellige bilete av festlige lag o.l. når ein samtidig skal vera ein rollemodell som lærar.


Revidert: 30.04.08


Dette er som nemt i innlegget veldig aktuellt i vår kvardag, og blir viktig for oss lærarar å ha med oss i vår kvardag. Det som eg syntest har vore bra er å få tips kvar du kan hente bilder der du ikkje treng spørje etter opphavsrett. Det finnes nemelig mange lure sider der du fritt kan henta bilder o.l. Dette kan vera veldig nyttig både i privar bruk og i bruk i skulesamanheng.

Ei av desse sidene er : http://office.microsoft.com/nb-no/clipart/default.aspx Her har eg henta mykje bilder og anna til bruk i bloggen min. Birgitt har lagt ut andre nyttige linkar under pedagogikk siden på fronter. Good shit:)

4 kommentarer:

Franny Maria sa...

Hei Gunnar :)

Veldig bra skrev, du har mange gode moment. Men korleis trur du ein kan få elevane i skulen oppmerksom på skummle folk på nettet, og følgja reglane når det gjelder opphavsrett? Korleis kan du som lærar få dei til å tenkje på dette?

-Franny

Gunnar sa...

Det går vel litt på å fremme holdininger og bevistgjøring. Sjølv om du som lærar gjer elevane oppmerksame på kva som er lite lurt å gjera på nettet, vil dei nok prøva det ut allikevel. Ein kan advare men ikkje forby. Det viktigaste er vel at det ligg litt i bakhodet på dei og at dei veit farene.

Kari sa...

Hei Gunnar!
Må sei meg einig med Franny i at du har fått med mange gode moment, og ikkje minst viktige moment! Eg trur at me må byrja allereie i 1. klasse å skapa haldningar hos elevane om trygg og fornuftig bruk av internett, og sjølvsagt må me gå føre med eit godt eksempel!

Kari

Gunnar sa...

Enig:)