torsdag 30. august 2007
Ein lærar eg hugsar godt
Tysk er kanskje ikkje det faget ein har høgast karakter i etter endt vidaregåande. Det er eit fag mage slit med og eit fag ikkje alt for mange bryr seg om. I alle fall er det mange dårlige karakterar ute å går. Sjølv hadde eg store problem i byrjinga og låg på nedre delen av karakterskalaen. Som mange andre var eg litt skule- lei på den tida og hadde ikkje noka umiddelbar tanke om å legge ein stor innsats i faget. Det som blei vendepunktet for meg i dette faget var læraren. Han hadde vel ein litt gammaldags stil og hadde lita tru på ansvar for eiga læring. Han kjørte ein strikt disiplin og likte dårlig om det var nokon som sluntra under heimearbeidet. Eg hugsar godt at når kvelden kom å ”leksa” skulle gjerast var det ikkje noko alternativ å sluntre unna. På denne måten fekk han meg og fleire til å jobbe med faget å setje seg skikkelig inn i ting. Dette viste seg og igjen på karakterane. Me kom til og med opp i skriftlig eksamen i faget. Dette tok læraren vår på strak arm å sette seg ned me oss å terpa tysk til den store gullmedalje. Eksamenen gjekk over all forventning. Dette takka vera ein engasjert lærar som ville lærar oss dette.
No seier ikkje eg at god gammaldags disiplin med pugging å smekk på fingeren er vegen å gå for ein lærar. Det eg midlertidig lærte av denne læraren er at engasjement er veldig viktig. Ser du at læraren brenn for faget å verkelig vil læra deg noko gjer du kanskje ein ekstra innsats i faget, sjølv om det kan vera nokså tørt å kjedelig.
tirsdag 28. august 2007
Kommunikasjon og sammarbeid

Ellers må eg sei at eg blei positivt overraska over timane så langt i ped. Har vore innehaldsrike å kjekke. Forelesninger i auditorium har ein tendens til å bli"litt" kjedlige men so far so good. Timane med miming og film var og gode eksempler på korleis kroppspråket er og kan brukast i ulike situasjonar. Det som var ekstra bra med denne serien fra NRK var dei ulike døma som vart brukt for å illustrere kommunikasjon og kroppspråk. Ofte er dette noko ein ikkje tenkjer over dagligdags. Det skjer berre automatisk.
Revidert: 27.04.08
Ein viktig del av kommunikasjonen i skulen er dei du samarbeidar med til dagleg. Dvs. Elvane, kollegar, rektor og føresatte som kansje dei viktigaste. Elevane er det jo sjølvsagt viktig at ein kommuniserar godt med og har ein god og åpen dialog. Det er utrulig viktig at ein høyrer på elevane og opparbeidar deg ein tillit til dei. Då vil læringa til dagleg går lettare og det blir opretta ein gjensidig respekt for kvarandre. Det å samarbeide med andre er særleg aktulellt i lærar yrket. Det har me og sett døme på no når me har vore ute i praksis. Læraren jobbar på team og i samarbeid der ein drar nytte av kvarandre. Slik trur eg produktet som skal nå ut til elevane blir betre og som ein seier så tenkjer to hovud betre enn eit:) Vidare har ein lærar som i alle andre yrke ein sjef og forhalde seg til. Dvs. rektor på skulen. Det er viktig at ein har ein god dialog med rektor og bruke han/ henna til råds når det trengs. Også i dette tilfellet er gjensidig respekt viktig i saman med ein god dialog. Til slutt men ikkje minst så har ein og elevanes føresatte og forhalde seg til. Her er det viktig å få i gang ein god dialog så tidleg som mulig. Ein skal mest sannsynleg samarbeida med dei over lengre tid og det god kommunikasjon med desse er sentralt og ikkje minst viktig for den einskilde eleven.
Køyrereglane for praksisgruppa
1. Alle skal ha lov til å sei si meining.
2. Lik arbeidsmengd for alle medlemmer
3. Rutinemessige refleksjonar og evalueringar av arbeidet.
4. Møteplikt, sei i frå når du ikkje kan møta.
5. Alle tar ansvar, og ingen skal vera redd for å ta iniativ.
Skal ein sjå tilbake på desse reglane no nesten eit år etter så må eg seia at det har fungera bra. Me har ei velfungerande praksisgruppa der alle deltar og er aktive. Dette trur eg er veldig viktig og gjer kvardagen som student enklare:)
Kvifor HSH
Grunnen til at eg valde HSH er vel at eg bur på Bømlo og trives med det. Her bur eg i rorbua til mine foreldre når det ikkje er tyskere der(Høst, vinter, vår). Bur altså billig, har stort sett alle vennene mine her og har vel aldri vore noko bymenneske. Reiste ut i verda eit halvt år. Noko som var ein fantastisk opplevelse. Fikk sett Australia, USA og Fiji. Blir nok ein ny tur etter endt skulegang. HSH som skule har eg både gode og dårlige erfaringer med, men sånn er det no vel overalt. Så no satser eg på å avslutte dei to siste åra mine her.
søndag 26. august 2007
Kvifor lærar?
Så det var etter dette året eg fann ut at eg kansje kunne likt å jobbe som lærar. Var ute i praksis i faget å likte dette særs godt. Trivst godt rundt ungar å likar å jobbe med dei. Noko eg trur er ei forutsettning i dette yrket. Ellers trur eg dette yrket er meget utfordrande både på godt og vondt. Eit yrke som forhåpentligvis ikkje vil bli kjedelig. Tenker da særlig personer som jobber i ein sju til tre jobb innanfor industrien. Dette er ein jobb eg trur å vett kan bli utrulig kjedelig med dei faste rutinane kvar dag. Sånn ser eg ikkje for meg det vil bli som lærar.
Det vil nok og i framtida bli stor etterspørsel etter lærarar. Ein stor del av lærarstanden er av ein eldre generasjon og vil gå av med pensjon dei neste fem ti åra. Ein vil og stille sterkt som mannlig lærar sidan veldig mange av dagens lærarar er kvinnlige. Fekk særlig dette inntrykket etter ein praksis periode i engelsk i fjor på ein ungdomskule. Så får me sjå kva framtida vil bringe. Blir spennande:)
Pedagogikk faget.

Har vore gjennom ein del fagplaner no, men sånn er det no ein gang dei fyste vekene. Skal bli kjekt å komme i gang me sjøve faga og føle at ein på
ein måte er i gang.
Pedagogikkfaget trur eg absolutt kan bli spennande. Det er ein ting å vera faglig dyktig, men det å kunne lære denne kunnskapen er vel så viktig. Er så altfor mange lærara som har ein kjempegod fagkunnskap men har ikkje evna til å læra dette fra seg. Å da blir det vansklig for elevane å tileigne seg kunnskap. Så det eg håper å få ut av pedagogikk faget er nettop det å kunna læra fra seg på ein god måte. Korleis ein kan legge til rette for læring slik at elevane kan læra mest mulig er viktig. Tenker da særlig på læringsmetoder i dei ulike faga. Korleis ein kan legge opp undervisninga i dei ulike faga på ein god måte. Så dette håper å trur eg er eit veldig viktig fagområde i mi lærarutdanning.
Ja dette var mitt andre utlagte blogg. Trur dette kan vera ein kjekk måte å både utrykke seg å kommunisera om faget på. Her kan ein og få ein innsikt i andre sine tanker og meininger å kommentera på dette om du er einig eller ueinig.
På gjennsyn.
mandag 20. august 2007
Presentasjon
Hei.
Eg heiter Gunnar Innvær, er 23 år og kommer fra Bømlo. Er på mitt fjerde år på HSH. Har fra før av tatt grunnfag i idrett, samfunnsfag og engelsk. Det siste halve året har eg vore i Australia som utvekslingsstudent. Noko som er sterkt å anbefale. Tenkte eigentlig ikkje å ta allmennlærer men for å prøve å avslutte studeringa. Ellers hadde eg nok blitt ein evig student.