tirsdag 6. november 2007

KAMPVISE



Didaktikk vil i korte trekk bety å planlegga og gjennomføra ei undervisningsøkt og i ettertid vurdera denne økta. Didaktikk og den didaktiske relasjonsmodellen er i grunnen ikkje noko nytt for meg. Eg har særlig vore bort i det da eg tok idrett for tre år sidan. Da i forbindelse med å planleggje opplegg i gymtimar.



Det å planleggje er økt på ein god måte er særs viktig. Det er her ein legg grunnlaget for om ei økt blir "suksess" eller "fiasko" for å ta hardt i:) Det er i alle fall viktig å planlegga godt å vera godt budd til undervisninga. Dessverre vil ein aldri kunne forutsjå alt om ein kjenner klassen aldri så godt. Det er ikkje nødvendigvis sikkert at økta fungerar slikt du hadde tenkt deg. Det er difor særs viktig å kunne gjera grep undervegs. Ser du at ting ikkje fungerer slik du har planlagt er det viktig å ta tak og forandra på ting. Det er ikkje så mykje som skal til for å snu "fiasko" til "suksess". Så det å ha ein plan B på lur kan vera nyttig og alltid ha i bakhovudet at ting ikkje alltid går som planlagt. Etter enda økt er det viktig å setta seg ned å vurdera økta. Kva fungerte og kva fungerte ikkje og viktigast av alt kva kan gjerast betre til neste gang. Ein lærer av å gjera feil og går nødvendigvis ikkje i same fella to gangar. Har ein undervist i saman med andre studentar eller lærarar er det viktig å høyra på deira synspunkt. Det er lettare å finna andre sine manglar enn sine eigne. Dette er sjølvsagt ikkje alltid like lett i ein travel lærar kvardag men når me som studentar skal ut er denne prosessen viktig. Det er slik vi lærer og får erfaringar. Det er tross alt etter mi meining i praksis ein lærer å vera lærar. Skule er vel å bra men her er det helst det faglige ein kan bli god på ikkje det praktiske og det å være lærar.




I forbindelse med didaktikken er Kva, kvifor, korleis og den didaktiske relasjonsmodellen viktige ting å ha i bakhovudet. Kva skal undervisninga handla om, kvifor akkurat sånn og korleis skal dette tilretteleggast på ein god måte. Den didaktiske relasjonsmodellen der ein tenkjer på gode læringsaktivitetar, innehald, mål med det ein driv med, rammefaktorar som kan være utstyr tilgjenlig for akkurat denne aktiviteten, kva elevføresetnadar ein har å jobbe med og nivået på dei enkelte og vurderinga til slutt er særs viktige ting å huske på i prosessen.






















Heilt til slutt har eg lyst å nemne ordet KAMPVISE som eg synest er særs viktig å ikkje berre tenkje på som lærer men og å bruke aktivt. Der K en står for konkretisering. Kor viktig er vel ikkje biletegjøringa for forståinga til eleven. Konkretiseringa kan og brukast i samband me figurar og anna verktøy innafor eksepelvis matematikken. Aktiviseringa og det å få elevane til å jobbe aktivt med dei ulike faga, det er slike ein blir god. Det å Motivere er og utrulig viktig. Motivasjonen er jo drivkrafta til det å sette i gang å gjera ting på ein god måte. Progresjon, det må være progresjon i det elevane jobbar med og at dei alltid har noko å strekkja seg etter er viktig. Variasjon, utrulig viktig å kunne variere mellom undervisningsmetoder og opplegg. Slik kan ein unngå at ting blir kjedelig både for deg som lærar og elevane. Individualiser, ingen er like og det er viktig å kunne tipasse opplegg til elevar som treng dette og får arbeid som passa deira nivå. Samarbeidet er essensielt med tanke på av kor mykje elevane har å læra av kvarandre. Til slutt kjem Evalueringa der ein gjer opp status av kva som har fungert og ikkje fungert og kva som kan forbetrast til neste gang.

Revidert 29.04.08

Rettskriving og konkretisering.